Sigbjørn Linga terges over at vi ukritisk adopterer ord og uttrykk fra engelsk

Sigbjørn Linga er redaktør i Hordaland Folkeblad. Foto: Sigbjørn Linga, Privat.
Morgenrutinen:

Sigbjørn Linga terges over at vi ukritisk adopterer ord og uttrykk fra engelsk

– Død over tullespråket! Men når det kjem til denne kampen, er han uansett nyttelaus.

Hver tirsdag og torsdag publiserer Journalisten «Morgenrutinen». I spalten stiller vi de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen. 

Se alle «Morgenrutinene» her.

Sigjørn Linga er redaktør i Hordaland Folkeblad. Han har vært journalist i avisen siden 2002. Han er mannen bak stillingsannonsen som søkte bladfyk som ikke forventet kantine med quesadilla - den gikk viralt.

– Kaffe eller te?

– Kaffi.

– Hva har du på nattbordet?

– Nattbordet står på soverommet til sambuaren min (av logiske grunnar, også kalla born, søv eg i nokre år på einerom). Der finst oftast eit lokalhistorisk hefte ved senga, pluss den naudsynte bøtta som vitnar om at åra går.

– Hvilken overskrift skulle du ønske du så på trykk i dag?

– «Liverpool er uslåelege – vann ligaen igjen».

– Hvor leter du etter gode saker?

– Oftast i kjøleskapet. Pluss postlister, Facebook, notoriske jungeltelegrafar i familien og kanskje aller mest i eige hovud. Dei fire fyrste gjev desidert best utbyte.

– Om du kunne velge hvem som helst: Hvilken person ville du helst spist frokost med og hvorfor?

– Delar av lekamen min bønfell meg om å svara mi ungdomstids store fjernkjærleik, Kari Bremnes, men eg må vera beinhard med meg sjølv og seia henne eg deler hus med. Ein lyt vel nesten spandera den tida det tek å eta frukost ettersom me altså ikkje deler soverom for tida. Pluss at ho er ei svært tenleg og hyggjeleg kvinne, også tidleg på dag.

– Hvordan reiser du til jobb og hvilke medier har du vært innom før du ankommer arbeidsplassen?

– Oftast går eg. Som regel les eg Bergens Tidende (sjølvsagt i papirformat som den dinosauren eg er) medan eg spankulerer gjennom Norheimsund sentrum. Gålesing er ein gamal vane som ser utruleg dustete ut, men her ute i ingenmannsland kan me gjera slikt utan å risikera korkje å verta observert eller å missa livet i trafikken.

– Hva er ditt viktigste verktøy i jobben?

– Skrivemaskina. Nei då. Mobiltelefonen, sjølvsagt.

– Hva irriterer deg aller mest med norske medier?

– Det er vanskeleg å finna eit felles irritasjonsmoment i små tusseladdaviser som mi eiga og i store tv-kanalar. Som over medels oppteken av språk vert eg diverre lett oppterga av at me ukritisk adopterer og omset eit utal uttrykk frå til dømes engelsk og svensk. Eit omgrep som «when it comes to» finst nok eigentleg ikkje på norsk, men halvparten av journalistane skriv den stivbeinte anglisismen dagleg. Når vart «dags» god norsk for «på tide»? Greitt at fotballproffane er rike, men må dei tildelast stadige hamstringskadar av den grunn? Og kvifor er alle «tydeleg på» og «klar på» alt mogeleg i dag – held det ikkje lenger at dei seier noko, eventuelt at dei seier det tydeleg og klart om det må til? Død over tullespråket! Men når det kjem til denne kampen, er han uansett nyttelaus. Få andre enn fossil som meg bryr seg, og innan eit par år finst alt eg nemnde i ordboka. Lat meg vera tydeleg på det: Då er det dags å reisa herfrå.

– Hva blir viktig for utførelsen av journalistyrket framover?

– Det vanlege: å leggja lista høgt kva gjeld kvalitet i alt arbeid og tora å opptre uavhengig av andre krefter. Om faget vårt likevel går ad undas, kunne me ikkje gjort stort annleis. Då får det så vera.

– Om du kunne gå tilbake i tid og møte deg selv som tenåring, hvilke råd hadde du gitt?

– Sats på ei yrkesfagleg utdanning før du gjer noko anna! Drikk eit glas vatn for kvart glas med raudvin på fest! Meld deg inn i supporterklubben til Manchester United! Og høyr aldri på gamle tullingar som meg!

– Hva er mediebransjens største utfordring akkurat nå?

– Truleg at dei to store grunnpilarene i økonomien vår – brukarbetaling og annonseinntekter – mildt sagt vaklar. Me famlar desperat i blinde, hermar febrilsk etter kvarandre og anar i det store og heile ikkje korleis me skal vinna kampen mot Zuckerberg & Co.

– Hva er ditt forhold til emojies og hvilken bruker du mest?

– Er ikkje orda i seg sjølve gode nok lenger? Snart er dei vel ein naturleg del av avisartiklar. Eg tenkjer at eit barn må ha lånt telefonen til avsendaren om nokon kjem i skade for å senda slike til meg. Eg har til dags dato ikkje bruka denslags i fullt alvor, litt av tåpeleg prinsipp og litt fordi eg synest det heile er både pinleg og useriøst, men mest av frykt for å vatna ut og undergrava språket. Eg orkar dessutan ikkje å verta oppfatta som sur berre fordi eg ikkje sender to hoppande kyllingar og fire hjarte. Det klarer eg fint utan.

– Når logger du av for kvelden?

– Altfor seint. Målet er å lesa meir i lokalhistoriske hefte og mindre tøv på telefonen.

Annonser

Les også

Den nye direktelinjen til NRK lokket ham til konkurrenten.

MEDIEDEBATT: Det ligger like mye kildearbeid og research bak sykkelvideoreportasjen som for annen journalistikk, skriver Aftenposten-journalist Torgeir Strandberg.