Morgenrutinen:

– Å lure folk inn i saker på grunn av økonomi, er som å pisse i buksa for å halde seg varm

Hans-Olav Rise mener det viktigaste spørsmålet i journalistikken bør vera: – Kvifor skal folk bry seg om dette?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalten Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen.

Hans-Olav Rise er tidligere klubbleder ved Høgskolen i Oslo og Akershus og er for tiden engasjert som vikar i NRK. 

Les alle «Morgenrutinene» her.

– Kaffi eller te?

– Kaffi. NRK er ein herleg arbeidsstad, men kaffien her er mil bak det ein får i private mediehus.

– Kva har du på nattbordet?

– To mobiltelefonar, øyreklokker og eit utval diktbøker.

– Kva medium må du innom før morgonmøtet?

– Flest mogleg, men NRK, VG, Aftenposten, Dagens Næringsliv, Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten er eg alltid innom. Elles er eg innom Twitter, Facebook og Reddit relativt hyppig.

– Kva overskrift skulle du ønskje du såg på trykk i dag?

– “Trump satsar på golf, Obama tilbake som president”. Eg håper Suzann Pettersen skryter hemningslaust av golfinga til Trump – ved alle høve ho får.

– Kvar leitar du etter gode saker?

– Aviser i inn- og utland, tidvis i postjournalar, ofte i ulike sosiale medium.

– Om du kunne velje kven som helst: kven har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt, og kvifor?

– Tom Waits. Musikken hans har følgt meg i tjukt og tynt, tekstane er fantastiske og mannen er eit glimrande intervjuobjekt. Blant dei få bøkene eg har lest i “vaksen” alder, er mange av dei om eller med Tom Waits. Eg hugsar eg blei misunneleg då éin av journalistane i Aftenposten fekk intervjue Waits – via telefon – i samband med ei boklansering i 2013. Når eg først er inne på Tom Waits: eg håper tidlegare operasjef Bjørn Simensen går med konstant dårleg samvit for å ha sagt nei til Tom Waits i 2008. Eit så stort svik blir aldri gløymt!

– Kva spørsmål er det viktigaste for ein journalist?

– Kvifor skal folk bry seg om dette?

– Kva er ditt viktigaste verktøy i jobben?

– Mobiltelefonen.

– Når var siste gong du såg journalistikk som inspirerte deg, og kva var det?

Mini-dokumentaren til Vice frå Charlottesville var journalistisk inspirerande. Godt jobba av journalist og fotograf, som kom tett innpå nokre av dei mørkaste kreftene som finst i samfunnet.

– Kva irriterer deg aller mest med norske medium?

– Luretitlar. Å lure folk inn i saker på grunn av økonomi, er som å pisse i buksa for å halde seg varm.

– Kva blir viktig for å utføre journalistyrket framover?

– For unge journalistar: å stå på og ikkje miste motet i ein tøff arbeidsmarknad. For alle journalistar: nok tid. For media generelt: å lage produkt som folk vil betale for.

– Kva er den største utfordringa for mediebransjen akkurat no?

– Å halde på tilliten til folk. Noko av det eg fryktar mest er ei ytterlegare politisering av norske medium. Det skal raskt skytast inn: journalistar kan ha standpunkt, og aviser med tydelege politiske standpunkt er ikkje problemet. Nettavisen er for eksempel eit tidvis viktig, blått korrektiv, medan Dagbladet kan seiast å vere det same raude korrektivet. Det eg er redd for er “alternativ” til tradisjonelle medium, alternativ som ikkje følgjer dei same etiske retningslinjene som tradisjonelle medium.

– Eg var heldig nok til å få utveksle eit semester til USA for nokre år sidan. Noko av det som verkeleg overraska meg der, var korleis oppegåande, unge menneske ikkje følgde mediebildet i det heile. Mange hadde null forhold til sjølv botnsolide mediehus som New York Times. Ropande og hyperpolitiserte TV-kanalar, radiokanalar og aviser, gjer at unge sit igjen med ei nummen kjensle og manglande tillit. Dei mange gode blir overdøyvde av skrikande “journalistar” – med eit lemfeldig forhold til fakta. Eg håper vi aldri nærmar oss ein slik situasjon i Noreg. Eg håper eg får jobbe i eit medielandskap som det store fleirtalet av folk framleis har tillit til.

– Finansiering blir sjølvsagt viktig for å halde på tilliten, då mindre ressursar vil skape mindre rom for kvalitetsjournalistikk. I den samanheng blir politisk vilje òg viktig. Eg skulle ønskje at eit samla politisk Noreg kunne einast om at solide, frie medium er ein verdi som bør varetakast.

– Kva bilde/video fekk deg sist til å stoppe opp?

– Bilde og video etter Irma og Harvey i Amerika får vel kven som helst til å stoppe opp. Sjølv om Dagmar i romjula 2011 ikkje var hyggeleg, bleiknar det litt i forhold.”

– Kva er det lengste du har klart å vere utan mobilen?

– Det må vere dei mange åra før eg fekk min første mobiltelefon – ein råkul Nokia 3650 med rundt tastatur. Kommentarar, kronikkar og petitar med krav om mobilfrie soner og mobilfrie feriar, var uinteressante allereie i 2007. I dag er slike “skråblikk” mest ufrivillig komiske. Dei er på høgde med kommentaren frå i fjor sommar, med tittel “Derfor skal jeg aldri jakte Pokémon”, signert ei vaksen kvinne.

– Når loggar du av for kvelden?

– Litt for seint, dessverre. Eg får pushvarsel heile tida, men ufråvikelege krav frå kjærasten gjer at telefonen alltid er i stillemodus om natta.

Powered by Labrador CMS