Ingebjørg Nilsen Stokkenes (47)

Ingebjørg Nilsen Stokkenes (47)

er tilsett som redaktør og dagleg leiar i Fjordabladet, som som vert utgjeven i Eid i Nordfjord. Ho avløyser Tormod Flatebø som etter eige ønskje går av for å halde fram som journalist i bladet. Dette vil skje frå 1. april 2017. Stokkenes arbeider i dag som frilansjournalist i eige firma, Nordfjord Media, etter tidlegare å ha vore tilsett som journalist og redaktør i fleire lokalaviser.

Styreleiar Lidvar Flydal seier i ein kommentar at Fjordabladet ved tilsetting av Ingebjørg Nilsen Stokkenes får ein røynd redaksjonell medarbeidar og leiar med god kjennskap til Fjordabladet sitt nedslagsfelt.

Publisert:
13. mars 2017 kl. 10:44