Strid om 'nøytrale begreper'

KOMMENTAR: – Morgenbladet og Dagbladet angrip ordliste for Midtausten med Iver Neumann som nyttig sanningssvitne. Han kan kapt ha lese det han kritiserer.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ni år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Nei, Morgenbladet og Dagbladet. Ein feil vert ikkje rettare om han vert gjentatt fleire gongar, sjølv med ein respektert professor som sanningsvitne.

Det starta med at journalist Emma Tollersrud i Morgenbladet ville lage ein kritisk artikkel om ordlista «Use With Care» i regi av IPI – det internasjonale presseinstituttet i Wien. Ordlista tek for seg rundt 100 såkalla farga ord og uttrykk som vert brukte i journalistikken om Israel/Palestina-konflikten, og med tilrådingar om alternative ord, der dei finst.

Tollersrud fekk Iver B. Neumann til å uttale seg (krever betaling, red.anm.) om denne språklege handboka. Neumann er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt og professor ved London School of Economics and Political Science.

Så langt, alt vel, men for dei fleste av lesarane av Morgenbladets artikkel om «Krigens Vær Varsom-plakat» er det nok tydeleg at Neumann sjølv ikkje har lese ordlista, eller sett seg inn i bakgrunnen for at lista vart laga.

Likevel svarar Neumann slik Tollersrud legg opp til, og kritiserer i sterke ordelag både ideen bak ordlista og dei ulike omgrepa han får presentert av journalisten.

Mellom anna reagerer Neumann sterkt på at handboka tilrår å bruke omgrepet separasjonsbarriere i staden for sikkerheitsmur.

Her seier Neumann at «det er en ren tildekning og bruk av eufemisme. En barriere kan være en liten veisperring. I Palestina er det bokstavelig talt en mur, en grotesk mur som stenger ute. Du skal kalle en spade for en spade.»

Hadde Neumann faktisk lest handboka, hadde han sett at omgrepet separasjonsbarriere er eit forslag som alternativ til at palestinske journalistar ofte brukar omgrepet apartheidsmur, medan israelske journalistar ofte brukar omgrepa sikkerheitsgjerde eller sikkerheitsmur om dei gjerda, barrierene og murane som Israel har sett opp mot Vestbreidda. Omgrepet gjeld dermed slett ikkje berre den åtte meter høge muren, som utgjer rundt 10 prosent av gjerda/barrierene mellom Israel og Vestbreidda. Omgrepet inkluderer i tillegg det som på israelsk side ofte vert omtala som buffersone, men som på palestinsk side gjerne vert omtala som barriere.

Neumann fastslår vidare at tanken om å avpolitisere og lage eit verdifritt språk, feilar.

Hadde Neumann lese handboka, hadde han sett at det slett ikkje har vore nokon tanke om å lage eit verdifritt språk. Tvert imot er ei av målsetjingane å bidra til eit meir nøyaktig og presist språk, for ordlista tek spesielt for seg ord og uttrykk som lett vert misforstått eller kan vere direkte misvisande.

Neumann er også kritisk til at ordlista frårår å bruke orda busetjar (settler) og busetjing (settlements). Dette er heller ikkje rett. Handboka gjer greie for ulike problemstillingar rundt bruken av desse orda, men kjem ikkje med noko tilråding om andre alternativ.

Neumann konkluderer med at handboka tek parti for Israels side, og kallar det heile for propaganda.

«Jeg vil tro at journalistene er uavhengige nok til å se at dette er propaganda. Det siste denne konflikten treger, er en enda mer Israel-vennlig dekning,» sier Neumann.

Om Neumann hadde tatt seg bryet med å lese forordet i ordlista, hadde han sett at ho er laga av israelske og palestinske journalistar i fellesskap, tre erfarne journalistar frå begge sider, og slett ikkje er propaganda for den eine eller den andre sida.

Dei ord og uttrykk som er med i ordlista, er plukka ut som problematiske av dei israelske og palestinske journalistane sjølve, og slett ikkje av IPI.

Kanskje Neumann ville hatt eit litt meir nyansert syn om han hadde visst at i ordlista vert det tilrådd å ikkje bruke omgrepa den jødiske staten eller den hebraiske staten, men rett og slett Israel.

Eller at det vert foreslått at journalistane – stikk i strid med tilrådingane frå sterke israelske pressgrupper – ikkje bør bruke omgrepet terrorens infrastruktur (infrastructure of terror) om mål IDF angrip på palestinsk side, men i staden identifisere dei sivile og skrive kva bygningar og andre mål som er angripne. Med andre ord nettopp det Neumann etterlyser; å kalle ein spade for ein spade.

Uansett fungerer Neumann som nyttig sanningsvitne for Tollersrud sin kritiske artikkel, og då vert det ikkje betre når journalist Inger Bentzrud i spalten «På kornet» i Dagbladet harsellerer med ordlista, basert på oppslaget i Morgenbladet.

For det er heilt tydeleg at heller ikkje Bentzrud har lese handboka eller sett seg inn i bakgrunnen for at ho vart laga. Dette hindrar ikkje Bentzrud å fastslå følgjande under tittelen «En spade er ikke en spade»:

 «Utrolig hjelpsomt, da, at presseorganisasjonen International Press Institute (IPI) har utgitt en ordbok, delfinansiert av norsk UD, som rettleder i korrekt språkbruk i Israel/Palestina-konflikten. Der kan man ikke ustraffet kalle en spade for en spade, nemlig.»

Ho held fram: «Ifølge Morgenbladets referat må man slutte å omtale folk som «bosettere», for da høres det ut som om israelerne det gjelder ikke hører til i området. Og sikkerhetsmuren som israelerne har reist, skal heretter omtales som noe så avklarende som en «separasjonsbarriere». En provokasjon skal nå hete «hard retorikk».

Nei, Bentzrud. I ordlista er ikkje ordet provokasjon spesielt omtala, sjølv om det står i Morgenbladet. Det er dermed heller ikkje slik at forfattarane bak ordlista tilrår at ein provokasjon skal omtalast som hard retorikk. Derimot vert problemet med bruk av provokative og hatefulle ytringar omtala, og det vert gitt råd rundt dette.

Bentzrud prøvar å gjere seg morsom på prosjektet sine vegne ved å fastslå at «dette forsøket på å nøytralisere en blodig konflikt gjennom korrekt og balansert språkbruk har fått tittelen «Use With Care». Om ikke boka får plass i korrespondentenes bagasje sammen med skuddsikker vest og hjelm, blir den nok kjærkommen lektyre for balansekunstnerne i Kringkastingsrådet.»

Ordlista er ein del av eit større prosjekt som eg har vore norsk koordinator for, og der ordlista er ein liten del av heile prosjektet (arbeidet med ordlista kosta 160.000 kroner, ikkje 1,5 millionar som Morgenbladet gir inntrykk av). Totalt har over 60 journalistar frå Israel, Vestbreidda og Gaza vore involverte i ulike prosjektakivitetar, og det var desse journalistane som tok initiativet til ordlista ettersom dei i prosjektet påpeikte det uheldige i at det pågjekk ein språkleg krig mellom journalistane på begge sider, og der altfor mange journalistar adopterte makthavarane sin krigsretorikk.

Ordlista er langtfrå komplett, men det var så langt dei seks journalistane bak handboka kom i denne omgang. Ordlista er heller ingen språkleg bibel, men eit hjelpemiddel der journalistane vert oppmoda om å bruke språket med omhu og vere varsam i møtet med språklege fallgruver.

I prosjektet vart nyleg også essaysamlinga «Flags and Barriers» utgitt, der mange av prosjektdeltakarane skildrar korleis det er å dekkje den andre sida. Fleire av essayforfattarane tek her opp problemet med at journalistane er aktørar i ein språkleg krig.

 «Ofte føler du det som om du står midt ute på slagmarka der soldatane er flokkar av journalistar. Det virkar som dei er bensin for politikarane. Mange av journalistane brukar ord og uttrykk som er med på å auke hatet og bringe oss lenger frå fred,» skriv ein palestinsk journalist.

Som fødselshjelpar for prosjektet, har eg absolutt ingen ting imot kritikk. Men det hadde vore ein stor fordel om kritikken i større grad var basert på faktisk kunnskap, for dette prosjektet er så viktig at det fortener meiningsfull kritikk og ikkje latterleggjering basert på sviktande grunnlag.

Men hovedgrunnen til at eg no tek til motmæle er i respekt til dei mange modige israelske og palestinske journalistane som trass personleg risiko og intens motstand frå mange hald søkjer journalistfagleg dialog og prøvar å finne vegar ut av det journalistiske uføret dei er i.

(Kjetil Haanes er redaktør i NETT NO og tidligere nestleder i NJ.)

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS