Siciliatur i sparetid

KOMMENTAR: NJs reise til Palermo tilsvarer halvparten av kontingentkronene våre, skriver klubbleder i Klassekampen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ni år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Norsk Journalistlag er ein organisasjon med dyktige folk både i stab og i  tillitsvaltapparatet. Avstanden til klubbar og medlemer er kort, og vårt klare inntrykk er at leiinga jobbar knallhardt for å forsvare journalistikken og journalistane i ei krevjande tid. Som eit fritt og relativt lite forbund er NJ gode på å snu seg rundt og sjå nye, gode løysingar.

Men finst dei beste løysingane i Palermo? Det ser i alle fall arbeidsutvalet i NJ ut til å meine. Med eit reisebudsjett på 100.000 kroner får NJ-toppane og dei mest sentrale i sekretariatet råd til tre dagar på fire-stjerners-hotell på Sicilia. Her skal dei, fascinerande nok, diskutere dei tøffe økonomiske rammene NJ møter som ein konsekvens av krisa i mediebransjen. Det er viktig at våre øvste tillitsvalde får ro til å diskutere dette. Men dersom ein uansett skal bruke dagane godt og stort sett diskutere organisasjonsomstilling, kva er vitsen med å reise til Sicilia?

 På det totale budsjettet til NJ er ikkje hundre tusen kroner mykje pengar. Signalet er like fullt uheldig: I vår klubb er løna låg, samanlikna med andre redaksjonar i Oslo eller med andre meiningsberande aviser. Likevel er organisasjonsgraden høg – nesten hundre prosent. Skal det halde fram slik må medlemene sjå at pengane blir brukt rett. Kjapp hovudrekning skulle tilseie at reiseutgiftene svarer til om lag halvparten av dei kontingentkronene NJ-medlemene i Klassekampen bidreg med gjennom eit år. Vi kan sjå føre oss mange andre bruksområde som ville kome organisasjonen vår betre til gode.

 Fagbladet Journalisten stilte forbundsleiar Spence spørsmål ved om ein måtte reise til utlandet, og fekk dette svaret: ”Hvorfor ikke? Det er ikke gitt at det er dyrere å reise utenlands enn å ha et seminar i Norge. Det er ikke like dyrt å reise til utlandet som det var for 20 år siden. Dessuten blir vi mer kjent med hverandre. Det er noen nye medlemmer og varamedlemmer i AU.” Jo, Spence, det finst mange måtar å arrangere eit tredagars møte for åtte menneske utan at det kostar hundre tusen kroner. Ikkje er det særleg miljøvenleg heller.

 

Powered by Labrador CMS