Redaktør/dagleg leiar

Firma
Dølen as
Søknadsfrist
01.06.17

Dølen AS på Vinstra er utgivar av avisa Dølen og nett-/mobilutgåva dolen.no. Dølen gir også ut Hyttemagasin Gudbrandsdal to gonger i året. Dekningsområdet omfattar Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommunar, region midt-Gudbrandsdal. Dølen kjem ut ein dag i veka i eit opplag på om lag 4.000, og er med det Gudbrandsdalens største lokalavis. Verksemda har fire tilsette og brukar begge målføre. Både lesar- og annonsemarknad er stabilt, og lokalavisa har ei solid forankring i lokalmiljøet. Dølen as er eigd av Gudbrandsdølen Dagningen (50%) og Skjåk Mediautvikling (50%), som er ein del av Polaris Media Nordvestlandet.

Redaktør/dagleg leiar

Dølen søkjer ei kvinne eller mann som sjølv er ein aktiv skribent, med ein sikker penn og blikk for det gode reportasje-fotoet, men som og skal vere ein samlande og inspirerande ressurs i vidareutvikling av Dølen sitt medietilbod – på papir, nett og mobil. I aukande grad blir det satsa på nett og levande bilete. Samtidig skal vi vidareutvikle papiravisa i retning meir djubdeog featurestoff, og gravande journalistikk. Dølen skal vera best på nyhendeformidling på nett i Midt-Gudbrandsdalen. Å lage lokalavisa Dølen er lagspel. Leiaren er kaptein på laget og skal sørgje for samhald og samspel. Leiaren skal også vere ein viktig medspelar i marknadsarbeidet. Leiaren rapporterer til styret.

Den nye redaktøren/daglege leiaren har:

  • God og relevant redaksjonell røynsle. Kjennskap til Dølen sitt dekningsområde er ein fordel.
  • Interesse for og kunnskap om publisering i digitale kanalar.
  • Interesse for marknadsarbeid, med forståing for samanheng mellom produktutvikling og innsatsi lesar- og annonsemarknad.
  • Leiarerfaring – helst frå ei medieverksemd – ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad.
  • Evne til å motivere medarbeidarar.
  • Grunnleggande forståing for økonomi.

Vi tilbyr utfordringar i ei stilling der oppgåvene må løysast med stor grad av sjølvstende, men også i samarbeid med styre og eigarar. Stillinga gir god og grundig innsikt i drift og leiing av ei medieverksemd og i det å arbeide i eit mediekonsern. Til stillinga høyrer konkurransedyktige vilkår for løn, pensjonsordning og forsikring.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos styreleiar Jon Kristiansen, mob. 996 47 502 eller epost [email protected].

Tillitsvald i redaksjonen en Tone Sidsel Sanden, mob. 975 81 312.

Søknad med CV skal sendast til Dølen as v/styreleiar Jon Kristiansen på e-post: [email protected] innan 1. juni 2017.

Søknadsfrist: 01. juni 2017

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Mener det er viktig med tillit blant folket om at pasientopplysninger blir behandlet konfidensielt, samtidig som særlig mediene må kunne granske helsetjenestene.

Video: Pressens representanter møter blant andre helseminister og helsedirektør for å drøfte det offentliges tilgang til helsejournaler. Se debatten i opptak her.

ARENDAL (Journalisten:) Dagens Næringslivs politiske redaktør er kanskje en av mediebransjens travleste under Arendalsuka.