FØRSTEAMANUENSIS I DIGITAL JOURNALISTIKK, st. nr. 6/2017

Firma
Høgskulen i Volda
Søknadsfrist
22.03.17

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også ei avdeling av Møreforsking og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

FØRSTEAMANUENSIS I DIGITAL JOURNALISTIKK, st. nr. 6/2017

FØRSTELEKTOR/HØGSKULELEKTOR/ HØGSKULELÆRAR

Ved Høgskulen i Volda er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor/høgskulelærar i journalistikk. Stillinga er knytt til Avdeling for mediefag, og den som blir tilsett vil få varierte arbeidsoppgåver innafor undervisning, forsking og fagleg utvikling i journalistikk, med særleg vekt på digitale verktøy og sosiale media.

Vi er ei av dei største journalistutdanningane i landet med to profesjonsretta bachelorutdanningar. AMF har også utdanningar i PR, kommunikasjon og media i tillegg til animasjon. Avdelinga har også masterutdanninga Master in Media Practices. Til saman er det meir enn 400 studentar på dei ulike utdanningane, og så godt som alle er fulltidsstudentar som held til i Volda.

Arbeidet vil omfatte undervising i journalistikk, redaksjonsleiing og rettleiing av studentar i journalistisk øvingsarbeid. Det vert lagt vekt på yrkespraksis og den som blir tilsett kan få redaktøransvar.

Den som blir tilsett i stillinga må ha mastergrad eller tilsvarande innanfor journalistikk, samfunnsfag, norsk språk eller andre relevante fag. Vedkomande må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg. Høgskulen vil vurdere mellombels tilsetjing som høgskulelærar for søkjar med relevant bakgrunn og utan tilstrekkeleg formell kompetanse.

Den som blir tilsett må også ha journalistisk erfaring og god kunnskap om moderne publisering av journalistikk på ulike plattformer.

For å få fast tilsetting må søkjarane ha praktisk-pedagogisk kompetanse eller røynsle frå undervising/rettleiing. Søkjarar utan slik bakgrunn kan bli tilsett om han/ho seinare tek kurs i høgskulepedagogikk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering og oppmodar kvinner om å søkje.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lover for offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som er aktuelle for stillinga kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Stillinga er løna i Statens lønnsregulativ, lønnsplan 17.510: førstelektor stillingskode 1198, LR 24, lønnstrinn 57-72 /høgskulelektor stillingskode 1008, LR 25, lønnstrinn 47-66/stillingskode 1007 høgskulelærar, LR 23, ltr 41-60.

Søknaden leverast elektronisk, og vi viser til vårt elektroniske søknadsskjema på www.hivolda.no/stilling.

Søknadsfrist: 22. mars 2017

Vedlegg til søknaden skal lastast opp som separate filer i et format som kan leggast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstiger 15 MB, må dei komprimerast før dei blir lasta opp.

Søknaden skal gi eit fullstendig overblikk over utdanning og tidlegare praksis. Følgande dokumenter/filer skal leggast ved den elektroniske søknaden:

CV med kontaktinformasjon for referansar

vitnemål/attester

Vitskapelige arbeid

Vedlegga må ha namn som samsvarer med innhaldet i fila.

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjaren blir vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlemmar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert på bakgrunn av den informasjon som ligg føre i det elektroniske søknadssystemet Jobbnorge. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen. Søkjar må ta med original/ stadfesta kopier av attester og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentliglova sin § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønsker å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetslova» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til programansvarleg Jan Ytrehorn 924 40 866, 70 07 51 05 [email protected] , eller dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, 70 07 52 75 [email protected]

Søk på stillingen her: www.jobbnorge.no

Søknadsfrist: 22. mars 2017

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Den tidligere sjefredaktøren i Istanbul-avisen Cumhuriyet mener president Erdogans posisjon er svekket de siste månedene.

I oktober vil Facebook prøve ut en betalingstjeneste der brukerne blir bedt om å tegne abonnement etter å ha lest eller delt artikler gratis.