FØRSTELEKTOR/HØGSKULELEKTOR/HØGSKULELÆRAR I TVJOURNALISTIKK (st.nr. 2/2017)

Firma
Høgskulen i Volda
Søknadsfrist
17.02.17

Høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar. Studiebygda Volda er kjend for sitt gode studentmiljø.

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Høgskulen har røter heilt attende til 1861, og har eit breitt utval av studietilbod. Aktiviteten hos oss kan oppsummerast slik:

Lærarutdanningar og skulefag (ca 2/3)

Sosialfag og administrasjonsfag (ca 1/4)

Medie- og kulturfag (ca 10-15 %)

Vi er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

FØRSTELEKTOR/HØGSKULELEKTOR/HØGSKULELÆRAR I TVJOURNALISTIKK (st.nr. 2/2017)

Vil du bli lærar for motiverte journaliststudentar i Volda?

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, er det ledig ei fast stilling som førstelektor/høgskulelektor/høgskulelærar i journalistisk arbeid med vekt på levande bilete.

Vi er ei av dei største journalistutdanningane i landet med to profesjonsretta bachelorutdanningar. AMF har også utdanningar i PR, kommunikasjon og media i tillegg til animasjon. Avdelinga har også masterutdanning i journalistikk og dokumentar. Til saman er det meir enn 400 studentar på dei ulike utdanningane, og så godt som alle er fulltidsstudentar som held til i Volda.

Søkjarar til stillinga må ha journalistisk erfaring frå fjernsyn, helst frå nyheits- og aktualitetsprogram, og ha kunnskap om publisering av tekst, lyd og bilde på ulike publiseringsplattformer.

Journalistfaget har ein tverrfagleg basis for undervisinga, og den som blir tilsett i stillinga må ha høgare utdanning innanfor journalistikk, samfunnsfag, norsk språk eller andre relevante fag.

Den som blir tilsett vil gå inn i arbeidet med å utvikle journalistfaget og undervisingstilbodet ved avdelinga. Aktuelle arbeidsområder er undervising i journalistikk, redaksjonsleiing og rettleiing av studentar i journalistisk øvingsarbeid. Det vert lagt vekt på yrkespraksis og den som blir tilsett vil få redaktøransvar.

For å få fast tilsetting må søkjarane ha praktisk-pedagogisk kompetanse eller røynsle frå undervising/rettleiing. Søkjarar utan slik bakgrunn kan bli tilsett om han/ho seinare tek kurs i høgskulepedagogikk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering og oppmodar kvinner om å søkje.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lover for offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjar kan rekne med å verte kalle inn til intervju og prøveførelesing.

Stillinga er løna i Statens lønnsregulativ, lønnsplan 17.510: førstelektor stillingskode 1198, LR 24, lønnstrinn 57-72  /høgskulelektor stillingskode 1008, LR 25, lønnstrinn 47-66/stillingskode 1007 høgskulelærar, LR 23, ltr 41-60.

Søknaden leverast elektronisk, og vi viser til vårt elektroniske søknadsskjema på www.hivolda.no/stilling.

Søknadsfrist: 17. februar 2017

Vedlegg til søknaden skal lastast opp som separate filer i et format som kan leggast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstiger 15 MB, må dei komprimerast før dei blir lasta opp.

Søknaden skal gi eit fullstendig overblikk over utdanning og tidlegare praksis. Følgande dokumenter/filer skal leggast ved den elektroniske søknaden:

CV med kontaktinformasjon for referansar

vitnemål/attester

Vitskapelige arbeid

Vedlegga må ha namn som samsvarer med innhaldet i fila.

Dei faglege kvalifikasjonane til søkaren blir vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlemmar. Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert på bakgrunn av den informasjon som ligg føre i Jobbnorge. Det er søkaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknadar eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen. Søkar må ta med original/ stadfesta kopier av attester og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentliglova sin § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønsker å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetslova» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til programansvarleg Jan Ytrehorn  924 40 866, 70 07 51 05 [email protected], eller dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, 70 07 52 75, eller  [email protected].

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Morgenrutinen

Faktisk-journalisten bruker sosiale medier aktivt for å finne sakene hun vil undersøke.

17 tyrkiske journalister måtte mandag møte i retten i Istanbul, tiltalt for terrorstøtte. Blir de funnet skyldige kan det gi opptil 43 års fengsel.