Journalist

Firma
Hordaland Folkeblad
Søknadsfrist
01.03.17

Hordaland Folkeblad er lokalavis for kommunane Kvam og Jondal i perla Hardanger. Avisa vart etablert i 1873 og har eit opplag på om lag 5.300.

Papirutgåva vert gjeven ut tysdag og fredag, medan nettavisa aldri søv. Avisa har hovudkontor i regionsenteret Norheimsund i Kvam herad, som ligg 1 time frå Bergen. Redaksjonen har 3,6 årsverk. Me har ikkje turnusordning, men på grensa til faste helgevakter.

Dagleg leiar Camilla Skaar Ljones eig 100 prosent av aksjane i avisa. Avisa har solid økonomi.

Journalist

Vil du ha draumejobben i ei jordnær avis og eit lokalsamfunn fullt av pirrande personar, snurrige saker og festlege fritidstilbod?

Her byd me på kort veg mellom fjord og fjell, endelaus trivnad, gode kommunale tenester (zzz) og ei rekkje andre gode som absolutt alle kommunar i Noreg skryter av med jamne mellomrom.

Hordaland Folkeblad treng ein bladfyk i 100 prosent stilling frå 20. april 2017. Me vil ha ein søknad frå deg som

  • utan å googla veit kva som skil Fylkesmannen frå fylkeskommunen, og kvifor det av og til er stor og av og til liten bokstav i fyrstnemnde,
  • instinktivt kan forklara skilnaden mellom presensformene «smell» og «smeller»,
  • skriv god, konsis og korrekt nynorsk, har syn for detaljane i språket og likar å leika med pennen,
  • meistrar både dei tekniske og estetiske sidene av fotografering og filming,
  • går til verket med glød og vellyst anten verket er knøttefotball, kommunestyremøte, kunstutstilling, kammermusikk eller kommuneplanføresegner,
  • er fleksibel, sjølvstendig, ryddig og omgjengeleg, og evnar å knyta passeleg tette band til gode kjelder,
  • forstår at journalistikk og marknadsføring ikkje er det same, og at det er du og ikkje kjeldene som bestemmer,
  • vågar å stilla kritiske spørsmål sjølv om det kan gjera deg mellombels eller livsvarig upopulær hjå enkelte,
  • har stor arbeidskapasitet og lite ego,
  • toler å få både stort ansvar og stor tillit,
  • har røynsle frå avisarbeid eller tilsvarande som gjer deg meir eller mindre kvalifisert,
  • ikkje forventar kantine med varme quesadillaer og Tesla som firmabil, men set pris på ein arbeidsplass med moderne data- og fotoutstyr, tenlege kontorlokale, fredsæle og venlege kollegaer, kjøleskap med innebygd frysar, hypermoderne frankeringsmaskin, mindre moderne mikrobølgjeomn, vasskokar, kombinert kopimaskin og skannar og Toyota Auris
  • har førarkort for Toyota Auris og eigen bil,
  • forstår at våre «konkurransedugande vilkår» i praksis tyder heilt grei løn og heilt greie ordningar, og
  • har så utvikla logisk sans at du forstår at ingen kan ha alle dei nemnde eigenskapane i denne lysinga, og at du kan søkja likevel.

Send søknad til redaktør Sigbjørn Linga: [email protected]. Ring 415 66 112 om du vil sjekka om me er ved våre fulle fem før du søkjer.

Søknadsfrist: 01. mars 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Takket være skjermbilder i Windows 10 fikk seks fotografer et globalt publikum. Men det ga ingen stor uttelling.

Oppholdet som kommunikasjonssjef i Direktoratet for e-helse varte mindre enn et år.