Dagleg leiar Vinje-senteret

Firma
Nynorsk Kultursentrum
Søknadsfrist
24.04.17

Vinje-senteret for dikting og journalistikk er under etablering i Vinje, Telemark, som ei ny driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Senteret skal disponere nybygd kontorfløy og ombygd hovudetasje i Vinje skule, 12 km vest for kommunesenteret Åmot. Fram til ferdig bygg blir det ordna med gode kontor på høveleg stad i området. Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv også Aasen-tunet (Ørsta), Hauge-senteret (Ulvik), Allkunne og sju andre nettstader. Vi har 19 fast tilsette og inntekter på om lag 30 millionar i 2017. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.

Dagleg leiar Vinje-senteret

Vi søkjer etter dagleg leiar til Vinje-senteret.

Dette er sjansen til å byggje opp ein ny og viktig nasjonal kulturinstitusjon frå grunnen av når Vinje-senteret for dikting og journalistikk no skal etablerast i Vinje, Telemark. Eit slikt museum finst ikkje i Noreg frå før, ikkje i mange andre land heller.

Vi ser for oss ein inkluderande og offensiv leiar som vinn tillit lokalt og respekt nasjonalt, har god innsikt i dikting og/eller journalistikk og som ikkje ser på administrasjon som eit framandord. Etableringsfasen krev engasjert tolmod og evne til å arbeide på eiga hand i tett lagspel med eit idémyldrande miljø i Nynorsk kultursentrum.

Fullstendig utlysingstekst på vinjesenteret.no saman med prosjektplan for Vinje-senteret. Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727, svarar gjerne på spørsmål.

Fortel korleis denne sjansen kan brukast og send søknad med cv og relevante vedlegg seinast måndag 24. april til [email protected].

Søknadsfrist: 24. april 2017