Fem journalistpraktikantar

Firma
Stiftinga Nynorsk avissenter
Søknadsfrist
15.04.17

Stiftinga Nynorsk avissenter lærer opp fem journalistpraktikantar i halvåret. Vi held til i Førde i Sogn og Fjordane, med Firda Media som vertsavis. Føremålet er å rekruttere  nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. Vi samarbeider med NRK og brukar nokre av dei dyktigaste førelesarane på ulike område. Tidlegare praktikantar er svært godt fornøgde med opplæringa og mange arbeider i dag som journalistar på heil- eller deltid. Vi tilbyr eksterne praksisplassar i aviser som Klassekampen, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Jærbladet, Dag og Tid, Hordaland, Dalane Tidende og Hallingdølen. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.

Fem journalistpraktikantar

Journalistopplæring på rekordtid

Nynorsk avissenter tek inn fem nye journalistpraktikantar.

Startar i Førde 21. august og varer til 1. mars 2017. Løn i heile opplæringstida.

Vi tilbyr

  • Noregs mest effektive opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda  Media og to månader i sjølvvald avis
  • Produksjon av nyheiter, reportasjar og bloggar
  • Video, foto, sosiale medium, frontredigering, datastøtta journalistikk
  • Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode
  • Tett oppfølging frå eigen mentor og andre erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter
  • Vi hjelper til med å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn
  • Førarkort er ein fordel

Søknadsfrist: 15. april 2017

Klikk her for meir informasjon og for å søkje:

www.nynorskavissenter.no

Kontakt:

Dagleg leiar Ivar Myklebust Longvastøl, tlf 911 49813

[email protected]

    

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Pressen frykter etterfølgeren ikke blir god nok og vil føre til mindre innsyn.

For bilder på søkemotoren Bing betaler Microsoft fra 195 kroner og oppover. Les hva seks skandinaviske fotografer fikk da Microsoft kjøpte bildene deres.