Deskmedarbeidar

Firma
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist
15.01.17

Deskmedarbeidar

Kommunikasjonsrådgjevar

Ved Kommunikasjonsavdelinga er det ledig to faste stillingar som kommunikasjonsrådgjevar ved den nye, sentrale desken til UiB; Gruppe for desk og fakultetsstøtte.

Desken skal produsere tekstar, bilete og redaksjonelt innhald, og dei som får stillingane har ansvar for å produsere ulike typar innhald til UiB sine interne og eksterne hovudkanalar på nett, i sosiale medium og til sentrale trykksaker. Desken skal i tillegg drive generell mediekontakt, arbeide for at UiB er synleg i eksterne medium og støtte universitetsleiinga i mediestrategiske spørsmål.

Gruppe for desk og fakultetsstøtte er organisert med medarbeidarar i sentral desk og fakultetsrådgjevarar stasjonert på fakulteta.

Arbeidsoppgåver

  • Produsere redaksjonelt innhald til UiB sine ulike kanalar
  • Medieinnsal og -kontakt
  • Kommunikasjonsrådgjeving til universitetsleiinga og sentrale einingar
  • Bidra til sentrale presseaktivitetar, arrangere pressekonferansar o.l.
  • Være ein del av Kommunikasjonsavdelinga si operative beredskapsgruppen

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis frå redaksjonelt arbeid
  • Evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
  • Trivst med høgt tempo og ha evne til å balansere mange arbeidsoppgåver
  • Kjennskap til UiB vil være ein fordel
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 56 -61 (for tida kr 480 900- kr 525 800) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kommunikasjonsdirektør Ingar Myking [email protected], tlf 971 55 134 eller underdirektør Mathilde Holm, [email protected], tlf 455 15 304.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen her

Søknadsfrist: 15. januar 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Søknadsfrist
28.02.2017
Søknadsfrist
01.03.2017
Søknadsfrist
01.03.2017
Søknadsfrist
01.03.2017
Søknadsfrist
01.03.2017
Søknadsfrist
05.03.2017
Søknadsfrist
05.03.2017
Søknadsfrist
06.03.2017
Søknadsfrist
09.03.2017
Søknadsfrist
10.03.2017
Søknadsfrist
10.03.2017
Søknadsfrist
10.03.2017
Søknadsfrist
10.03.2017
Søknadsfrist
13.03.2017
Søknadsfrist
01.04.2017

Les også

MEDIEDEBATT: Det er ikke Tønsbergs Blad som lyver når de skriver at Anders Anundsen brenner avisen protest. Det er en usannhet fra Mayzar Keshvari, mener avisens sjefredaktør.

Møter personvern- og skattespørsmål med å ansette lobbyister i Norge og Europa. 

Nasjonal fronts presidentkandidat Marine Le Pen anklager mediene for å drive «hysterisk» kampanje for Emmanuel Macron.