Kommunikasjonsrådgjevar og mediekontakt

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Veterinærinstituttet
Søknadsfrist
21.08.17

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt som bidrar til å styrke norsk bioøkonomi. Som det leiande fagmiljøet i å forhindre helsetruslar mot fisk, dyr og menneske, har instituttet ambisjon om å bli senter for nasjonal beredskap innan éi helse.

Ved sida av beredskap er kunnskapsutvikling og -formidling den viktigaste oppgåva til Veterinærinstituttet. Diagnostikk har stått sentralt heilt sidan starten i 1891. I dag er forsking, innovasjon, overvaking, risikovurdering, rådgjeving og formidling òg viktig. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium.

Til saman er det omlag 330 tilsette fordelt på Adamstuen i Oslo, pluss einingar i Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø. Innan tre år flytter instituttet inn i nye fasilitetar på Ås i same bygg som NMBU. Sjå www.vetinst.no for meir informasjon.

Kommunikasjonsrådgjevar og mediekontakt

Veterinærinstituttet skal levere oppdatert og relevant kunnskap til samfunnet. Vi søkjer etter ein dyktig og drivande kommunikatør som vil oppnå noko som ein aktiv meklar mellom våre fagmiljø og samfunnet rundt oss. Stillinga er nyoppretta med arbeidsplass i Oslo (på Ås frå 2020).

Den rette personen har kommunikasjonsfagleg tyngde, gode personlege eigenskapar og god innsikt i korleis kunnskapsmiljø som Veterinærinstituttet bidrar best til samfunnsdebatten. Han eller ho må evne å byggje gode relasjonar med media og eksterne partnarar. Samstundes må han eller ho klare å motivere og rettleie våre fagfolk i korleis få fleire til å ta i bruk kunnskap. Det er òg ønskjeleg at den nytilstelde kan bidra kommunikasjonsfagleg til digitaliseringsprosessar i Veterinærinstituttet.

Som beredskapsinstitusjon forutset vi at alle medarbeidarar i Stab for kommunikasjon og samfunnskontakt kan og vil medverke i alle typar arbeidsoppgåver. Vi søkjer medarbeidarar med gode samarbeidsevne, fleksibilitet og høgt kvalitetsnivå, men som òg ser korleis vi alltid kan bli betre. Stillinga ligg under kommunikasjonsdirektøren.

Arbeidsoppgåver

Den nytilstelde vil få særleg ansvar for kontakt med media gjennom å bygge relasjonar, sette opp publiseringsplanar i eigne kanalar og iverksette desse i lag med kollegaer.

  • Utvikling av mediestrategiar og innhaldsstrategiar
  • Støtte og motivere fagfolk til auka formidling av fagkunnskap
  • Innholdsproduksjon av tekst og visuelle element på trykk og virtuelt
  • Bidra til digitalisering, digitale medium og auka nytte av sosiale medier gjennom godt innhald

Kvalifikasjonar

Kandidatar må;

  • ha røynsle med kommunikasjon, gjerne frå kunnskapssamarbeid med forvaltning og næring
  • syne god innsikt i korleis skape gode brukaropplevingar og kunne selje inn bodskap
    • vere trygg og drivande i framstilling av bodskap - òg innan nynorsk og engelsk
    • ha kunnskap og evner innan visualisering, digitalisering og korleis skape god dialog med brukarane på nett, i sosiale medier og i andre møte
    • ha relevant høgare utdanning

I tillegg bør kandidaten vere:

  • initiativrik, kreativ og syne solid innsikt i samfunnsoppdraget til Veterinærinstituttet
  • trygg i rolla som representant overfor media og brukarar
  • kunnskapsrik og røynd innan risiko- og krisekommunikasjon i tillegg til forskingskommunikasjon
  • aktiv bidrasytar til gjennomgripande digitaliseringsprosessar på instituttet

Den kommunikasjonsfaglege kompetansen, praktiske resultat og nemde eigenskaper, vil bli vektlagt saman med integritet og evne til å skjære gjennom ved behov.

Stillinga vil bli løna etter Statens lønnsregulativ i stillingskode 1364 seniorrådgiver ltr.58 – 70 (494 800,00 – 623 900,00) avhengig av ansiennitet og/eller kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Veterinærinstituttet har avtale om eit inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift). Vi kan tilby fleksibel arbeidstid/sommartid, eit godt arbeidsmiljø, moglegheit for barnehageplass og medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikringsordningar.

Den statlige arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor er det eit personalpolitisk mål å oppnå balanse i samansettinga og rekretteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Slike personer er oppfordra til å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til kommunikasjonsdirektør Asle Haukaas tlf +47 920 80 877, [email protected].

Søknad med opplysningar om utdanning og relevant bakgrunn, saman med kopiar av vitnemål og attestar, kan du sende inn elektronisk. Bruk søknadsskjema som du finn under ledige stillingar på www.vetinst.no/Om-oss/Ledige-stillinger.

Søknad merkes: 19/17

Søknadsfrist: Utsatt søknadsfrist 21. august 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
24.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
03.10.2017
Søknadsfrist
06.10.2017
Søknadsfrist
06.10.2017

Les også

Det var Norges viktigste land i Afrika, nå brukes medielover vi var med å ta initiativ til, til å skjule noen av verdens verste forbrytelser. NB: sterke bilder

– Modellen med å distribuere en konkurrerende avis er i seg selv problematisk.