Redaktør/dagleg leiar

Firma
Vigga AS
Søknadsfrist
17.02.17

Vigga AS på Dombås er utgjevar av lokalavisa Vigga, som kjem ut i kommunane Lesja og Dovre. Avisa har om lag 2300 abonnentar. Vigga er vekeavis, kjem ut på torsdag, og verksemda har 4,5 årsverk. Avisa vart etablert i 1987, og har eit godt fotfeste blant lesarane.

Vigga AS er heileigd av Skjåk Mediautvikling AS, som gjev ut lokalavisa Fjuken, og er ein del av Polaris Media ASA.

Redaktør/dagleg leiar

Vår leiar søkjer nye utfordringar, og vi søkjer difor ein strukturert og ryddig person, som sjølv er ein aktiv skribent, og som skal vere ein samlande og inspirerande ressurs i vidareutviklinga av Vigga. Leiaren skal og vere ein viktig medspelar i marknadsarbeidet. Leiaren rapporterar til styret.

Den nye redaktøren/daglege leiaren har:

  • God og relevant redaksjonell røynsle
  • Interesse for fleirkanalpublisering
  • Interesse for marknadsarbeid, med forståing for samanheng mellom produktutvikling og innsats i lesar- og annonsemarknad
  • Leiarerfaring- helst frå medieverksemd- ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad
  • Evne til å motivere medarbeidarane
  • Grunnleggjande forståing for økonomi

Leiaren skal vere ein tydeleg, samlande og inspirerande ressurs i vidareutviklinga av Vigga sitt medietilbod i alle kanalar. Leiaren skal sjølv vere ein aktiv bidragsytar i dette medietilbodet, og må vere ein pådrivar i arbeidet med den digitale transformasjonen i mediehuset. Som leiar i Vigga vil du få ein allsidig, hektisk og spennande kvardag. Det er difor viktig at du er god til å prioritere og har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane.

Vi tilbyr spanande utfordringar i ei stilling der oppgåvene må løysast i stor grad av sjølvstende, men også i samarbeid med morselskapet. Til stillinga høyrer konkurransedyktige vilkår for løn, pensjonsordning og forsikring.

Nærare opplysningar om stillinga får du hjå styreleiar Asta Brimi, tlf. 91 32 73 97 eller [email protected].

Søknad med CV vert å sende til Vigga AS, v/Asta Brimi, på epost: [email protected]

Frist: 17. februar 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Les også

Mener det er viktig med tillit blant folket om at pasientopplysninger blir behandlet konfidensielt, samtidig som særlig mediene må kunne granske helsetjenestene.

Video: Pressens representanter møter blant andre helseminister og helsedirektør for å drøfte det offentliges tilgang til helsejournaler. Se debatten i opptak her.

ARENDAL (Journalisten:) Dagens Næringslivs politiske redaktør er kanskje en av mediebransjens travleste under Arendalsuka.