Heidi Lise Bakke. Foto: NRK

Til minne om Heidi Lise Bakke

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over åtte år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vi er i sjokk. Heile NRK-familien er i sjokk.

Vi har mista ein kjær kollega og ven så alt for brått. Heidi Lise Bakke vart berre 52 år etter å ha mista livet på NRK-oppdrag i ei bilulukke i Bygstad i Sunnfjord. Ho var på toppen av livet, sprudlande i all tenkjeleg og utenkjeleg kreativitet. Med to vaksne søner, Asbjørn og Otto, som ho har fått i lag med ektemannen Steinar, også han i NRK-familien, fotograf i NRK Sogn og Fjordane.

Heidi Lise var NRK-fotografen med stor F.  Ho har filma det meste, vore på dei fleste stader - og kjende folk over heile landet og i kringkastingsmiljøet verda rundt. I Sogn og Fjordane har ho farta rundt sidan 1997 og truleg vore på kvar einaste vegstubb i heile fylket. Både som nyheitsfotograf, men også som fast leverandør av program til  “Grønn Glede” på NRK1. Før ho kom til Førde hadde ho lang fartstid som OB-fotograf etter å ha fått jobb i NRK rett etter at ho var ferdig med vidaregåande skule.

Minna om Heidi Lise er mange blant kollegaene i NRK Sogn og Fjordane. Perfeksjonisten bak kameraet  er berre ein liten del av det vi kjem til å snakka om når vi minnest denne flotte kvinna: Ho var akvarellmålaren som hadde eigne utstillingar. Ho var kunstnaren med symaskina som til kvart einaste julebord i NRK stilte med sin eigen fargesprakande kreasjon, kjolar i alle fargar. Ho var skiløparen som kvart einaste år henta heim medaljar for NRK som langrennsløpar og også alpinist i Eurosportleikane. Og ho var fast initiativtakar til innebandyen i Førde kvar måndag, med klar melding om at “no blir du feit” til alle oss som ikkje melde oss på. Ho var kjend for snerten i kommentaren, og det gode glimtet i augo hennar kjem vi aldri nokon sinne til å gløyma.

På kamera 1 i industrihallen i på Hydro sitt anlegg i Høyanger onsdag kveld sto det ein vikar der Heidi Lise skulle stått. Der skulle ho levert spennande bilete frå Julelutt til produsenten som miksar programmet klart for sending på NRK1 julaftan. Ein produksjon som i utgangspunktet er alt for stor for NRK Sogn og Fjordane - men akkurat passeleg stor for Heidi Lise. Med si breie erfaring frå vintersportsarrangement verda rundt var ho ein av dei viktigaste bidragsytarane til at vi kom i mål også med desse programma.

Men det blir program på NRK1 - også i år. På Heidi Lise-måten. Med høg kvalitet, med Heidi Lise- kvalitet. Ei kvalitetsnorm vi har strekt oss etter lenge, men som no har fått nytt namn.

Tysdag var  vi samla til minnestund i NRK Sogn og Fjordane sine lokale i Førde. Der var det tårer, men også smil og latter.  Vi mintest alt vi har gjort i lag med dette fyrverkeriet av ei dame, og vi var i lag i sorga med Steinar og dei to sønene Asbjørn og Otto. Dei har mista ei høgt elska kone og mor.  Ein vegg er borte i heimen deira i Runnen i Førde.

Vi i NRK-familien har mista ein høgt elska medarbeidar som har gitt oss så mykje på alle plan. Ingen er uerstattelege vert sagt. I dag veit eg at det er feil. Ein slik medarbeidar finn vi aldri nokon sinne att.

Vi heidrar minnet ditt, Heidi Lise.

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS