Å kunna gå på ski på blanke føremiddagen, er berre som bonus å rekne, skriv Heidi Hjorteland Wigestrand. Illustrasjonsfoto: Randi Hausken/Flickr.com

Som lausarbeidar kan eg ofte jobba i morgonkåpa

KOMMENTAR: Rett som det er dukkar ein blasfemisk tanke opp i meg. Å vera journalist er somme gonger så kjekt at eg kunne jobba gratis, skriv Heidi Hjorteland Wigestrand.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over åtte år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Underteikna er blant dei som Cathrine Sandnes skreiv om i Dagbladet 8. januar. Frilansaren som kan gå på ski ein vanlig onsdag føremiddag, og som kanskje gjer seg bittelitt lukkelegare enn han er?

Det er i våre dagar fort gjort å smøre på litt ekstra lukke i sosiale medium, også for lausarbeidarar. Sjølv vil eg ikkje påstå at eg er direkte lukkeleg, men tilfreds det er eg. Og sidan mange snart vil møta same skjebne som meg, tenkte eg å gi eit gløtt inn i min kvardag som frilansjournalist.

Ein av dei mette tilsette

Livet som lausarbeidar tok til for to år sidan. Etter 20 år som fast tilsett på einmannskontor i Stavanger Aftenblad, tok eg sluttpakke.

Eg såg for meg eit liv der jobben var nokre tøffelskritt unna, og kor eg i morgonkåpe, kunne plukka ord og pengar rett frå veggane i heimekontoret.

Nå skulle eg bli sjølvgjort kvinne med enkeltpersonsføretak og fakturaprogram. Mi eiga merkevare, rett og slett. Ei som ikkje lenger tente pengar når ho sjekka fjesboka, drakk kaffi og snakka med seg sjølv, berre når ho faktisk jobba med det ho var utdanna til, nemleg å intervjua folk og skriva om det etterpå.

Sandnes brukar omgrepet mette tilsette. Og det er heilt sant, eg var sikkert blant dei sjølv. Visst jobba eg, spydde ut artiklar i mengder, men eg hadde likevel blitt litt lat, ting betydde ikkje så mykje for meg, som dei gjer nå når eg min sjef. Visste de forresten at undersøkingar viser at ein gjennomsnittleg fast tilsett (av typen kontorrotte), berre er i aktiv produksjon tre til fire av dei sju timane han eller ho får betalt for? Resten av tida går med til kosesnakk ved kaffimaskina, do-besøk, sjekking av sosiale media, e-post og nettaviser, for å nemna noko.

Som frilansar går det fort opp for deg at løna heng saman med innsats, og det hadde ikkje eg ikkje vondt av i alle fall.

Les: Det var i dei tider då dunket frå ei avis i postkassen var ei storhending i utkantane

Like gjerne griseavl som den store kjærleiken

Sjølvsagt skulle eg jo ønskt eg kunne blitt i same jobben til eg blei pensjonist, for det ville vore mest makeleg, og eg jobba med trivelige folk. Samstundes har det gjort meg godt å få prøvd meg åleine. Eg er svoltnare nå. Kvar einaste jobb kjennest intens meiningsfull, og det er viktig for meg å vera så god som mulig, slik at eg kan håpa å få fleire oppdrag for kunden.

Sjølv trivst eg med å kunna hiva meg rundt, å skriva om barnehagens historie den eine dagen, huskyrkjer den andre og aksjane til dei lokale folkevalde i heimkommunen den tredje dagen.

Livet som frilansar har for min del gjort journalistlivet endå meir variert enn det var som fast tilsett. Det er blitt langt mindre telefonjournalistikk og fleire møte ansikt til ansikt. Og det beste av alt, nå kan eg i større grad gå etter dei sakene eg likar å gjere.

Men for all del, situasjonen er ikkje slik at eg takkar nei til noko av meir prosaisk art. Eg skriv like gjerne om griseavl som den store kjærleiken.

Eg kan ofte jobba i morgonkåpa

Å bli oppringt ein søndag? Ingen problem. Det hadde vore verre om ingen tok kontakt. Eg trur ikkje det er slik at yrket i framtida berre vil vera for dei unge og barnlause. Eg er ingen av delane, men å kunna hiva seg rundt, bør vera ein ryggmargsrefleks i vårt yrke. Og for å vera heilt ærleg, så ofte er det ikkje at nokon ringer.

Jobbane du vil ha, må du helst selja inn sjølv, er mi erfaring.

Det er opp til meg å få pengar inn på kontoen. Eit skremmande, men mest av alt motiverande faktum. Slekta mi bakover består utelukkande av slike sjølvstendige mangesyslarar. Bønder kallar vi dei.

Og medan dei sleit på markene, kan eg ofte jobba i morgonkåpa. Men kva med orda og pengane då?

Dei sit ikkje like laust kvar veke. Somme dagar må dei pirkast ut frå veggane. Men så losnar det, både orda og pengane kjem.

Mange vil få ei lausare tilknyting

Svært mykje er opp til meg, i grunnen. Kva dører eg vil banka på, kor mykje umake eg vil gjere meg.

For meg gjeld det å bite meg fast i yrket eg elskar, og som eg drøymde om heilt sidan eg var lita jente og låg og snuste på trykksverta i avisa far min sov under. Det gjeld å tilpassa seg, og ingen som har helsa, har vondt av å stå på litt for det ein brenn for.

Når det er sagt, er eg fullt klar over at ei brutalisering av arbeidslivet er på gong i fleire yrke. Mange vil få ei lausare tilknyting til arbeidsgivarane. Sjølv er eg viss på at svært mange journalistar også vil hamne i same båt som meg om kort tid. 

Det Egmont Publishing har gjort, vil som Cathrine Sandnes skriv, heilt sikkert også andre mediehus gjere. Å seie opp fast tilsette, og heller la frilansarar gjere jobbane. Me kan lika det eller ikkje, men det vil skje, og eg er på mange måtar glad at eg kom meg ut, før det brann skikkelig under føtene mine.

Så kjekt at eg kunne jobba gratis

Til trøyst for dei som snart må ta skrittet ut. Det å vera sjølvgjort kvinne eller mann, det gir ei heilt anna tilfredsstilling enn å berre vera passiv lønsmottakar. Fridomen betaler eg for min del gjerne i form av mindre løn. Før trudde eg ikkje noko kunne vera kjekkare enn å skriva ein artikkel.  Eg plar seie at det kjekkaste eg skriv nå, er rekningar. Men det seier eg mest for spøk.

For rett som det er dukkar ein ganske så blasfemisk tanke opp i meg. Å vera journalist er somme gonger så kjekt at eg kunne jobba gratis.

Tenk å få komma inn i stovene til folk og bli bydd kaffi og kake. Deretter kan du setje deg til rette i ein mjuk sofa med blokka på fanget, og få høyre ei spanande forteljing. Kven gir slepp på ein slik jobb frivillig? Ikkje eg.

Interessert i medienyheter? Lik Journalisten.no på Facebook og få nyhetene i strømmen din:

 

Årets julebord var stusselige greier

Pulsen og drevet er mindre nå, for det har blitt mykje vekeblad og magasinjobbing. Og det kan eg somme tider sakna, å ha dårleg tid. For det krev litt krefter å halda trøkket oppe når deadline nesten alltid er fleire veker unna.

Samstundes får ein som frilansar gjerne tid til å gå i djupna og skriva dei sakene ein lenge har hatt lyst til. Og nå har eg funne såpass roen at eg ikkje skal plaga mine gamle kollegaer med å leggja ut alle jobbane eg gjer på fjesboka. For ja, eg gjorde det ikkje berre for å pusha vekebladsal og lesartal, eg gjorde det like mykje for å visa at eg jobba, eg også.

Dette er for meg uansett framleis verdas beste jobb. Å kunna gå på ski på blanke føremiddagen, er berre som bonus å rekne.

Men rett skal vere rett: Årets julebord var stusselige greier.

Heidi Hjorteland Wigestrand er frilansjournalist

Powered by Labrador CMS