Morgenrutinen:

Silje Rognsvåg er journalist i den kristne avisen Dagen. Foto: Odd Mehus

Silje Rognsvåg blir irritert når det kokes politisk suppe på en spiker

Ellers mener hun journalister har et dårligere rykte enn nødvendig. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hver tirsdag og torsdag framover vil Journalisten publisere «Morgenrutinen», der vi stiller de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen. Se alle «Morgenrutinene» her.

Silje Rognsvåg er klubbleder i Dagen og politisk journalist ved Dagens distriktskontor i Oslo.

– Kaffi eller te?

– Enkel cappuccino på kafé, te heime og ein eller annan kaffi med masse melk i på Stortingets kaffimaskin.

– Kva har du på nattbordet?

– Eit par nyinnkjøpte plantar som friskar opp rommet, eit lite skilt med skrifta «Life is good. Relax», dagbok, eit par biblar og diverse blad. Inntil nyleg stod det ein stor stabel bøker ved sidan av nattbordet med mellom anna politiske biografiar eg aldri fekk lest ferdig.

– Kva overskrift skulle du ynske du såg på trykk i dag?

– «Endeleg fred mellom islamistane og Vesten».

– Kvar leitar du etter gode saker? 

– Ved å halde kontakten med politikarar og følgje saker Stortinget og regjeringa heldt på med, vere oppdatert på nyheitsbildet og sosiale medium. 

– Om du kunne velje kven som helst: Kven ville du helst ete frukost saman med og kvifor?

– Mamma, som døydde for snart ti år sidan på grunn av kreft.

– Korleis reiser du til jobb og kva medium har du vore innom før du kjem til arbeidsplassen?

– Sykkel, buss eller trikk. Høyrer på NRK-nyheter og Politisk Kvarter og er gjennom dagens Dagen, NTB og diverse nettaviser om eg rekk det.

– Kva er ditt viktigaste verkty i jobben?

– Internett og mobiltelefonen. Og sjølvsagt laptop og speilreflekskamera.

– Kva irriterer deg aller mest med norske medium?

– Når det kokast politisk suppe på ei spiker. Og stundom kan det bli litt for mykje flokkmentalitet. Elles meiner eg journalistar har eit dårlegare rykte enn nødvendig. Eg reagerer når enkelte kristenkonservative snakkar om at norske nyheitsmedier serverer «fake news».

– Kva vert viktig for utføringa av journalistyrket framover?

– Evne til å fortelje kreativt og godt og samtidig sant og faktabasert, slik at vi vinn fram i informasjonsflaumen i sosiale medium. Sjølv skulle eg gjerne lært meg koding og fleire språk.

– Om du kunne gå tilbake i tid og møte deg sjølv som tenåring, kva råd hadde du gjeve?

– Du er elska for den du er, ikkje kva du gjer. Tru på deg sjølv og våg å ta sjansar. 

– Kva er den største utfordringa til mediebransjen akkurat no?

– Å halde på truverdet i møte med skuldingar om fake news. Å innsjå at heller ikkje journalistar er absolutt nøytrale, men ofte skriv ut frå ein verdiståstad. Derfor kan ein trenge ei betre forståing for andres verdsbilde.

– Kva er forhold ditt til emojies og kva brukar du mest?

– Det gir ein ekstra dimensjon til tekstmeldingar i ulike fora og brukast mest privat, men det kan også skje på jobb. Då går det i tommel opp, smilefjes og blinkefjes.

– Når loggar du av for kvelden?

– Alt for seint. Derav lite boklesing.  

Powered by Labrador CMS