Morgenrutinen:

Redaktør, snart journalist, Rune Sæbønes i Møre-Nytt Foto: Privat

Snart vert Rune Sæbønes journalist igjen. Då skal det søkjast etter nyhende på nærbutikken.

Auger og øyrer er dei viktigaste verktya i journalistjobben.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hver tirsdag og torsdag framover vil Journalisten publisere «Morgenrutinen», der vi stiller de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen. Se alle «Morgenrutinene» her.

Rune Sæbønes er redaktør i Møre-Nytt i Ørsta. Den 1. juli sluttar han som redaktør, og går tilbake som journalist i same avis. Han har arbeidd i Møre-Nytt sidan 1986.

— Kaffi eller te?

–  Kaffi.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobilen. Eg skulle gjerne hatt bøker, men for tida er der ingen. Eg kan finne på å lese på senga, men det går meir i rykk og napp.

– Kva overskrift skulle du ynske du såg på trykk i dag?

– ”Hundretusensiv av gatene for å feire at Liverpool kom heim med Meisterliga-pokalen.” Det er lov å ha slike draumar også, sjølv om mange kan sjå dei som både barnslege og ikkje minst utopiske. Men tittelen er for lang, då heller denne: ”Homofile sett fri i Tsjetsjenia”.

– Kvar leitar du etter gode saker?

– Som lokalavisjournalist handlar det om å vere til stades i nærmiljøet. Så svaret er på nærbutikken eller på idrettsplassen. Likevel, det handlar mest om offentlege postlister.

– Om du kunne velje kven som helst: Kven ville du helst ete frukost saman med og kvifor?

– Eit A-menneske. Det må vere nokon som kan muntre opp om morgonen, i staden for ein sur ein. Eg er B-menneske sjølv, og veit godt korleis dei kan vere. Idrettsfolk som konkurrerer tidleg om morgonen må vere A-menneske. Så kanskje Chris Froome.

– Korleis reiser du til jobb og kva medium har du vore innom før du kjem til arbeidsplassen?

– Når du bur på bygda, og offentleg transport er fråverande, er bilen einaste mulegheit. NRK Alltid Nyheiter er fast rutine, og står på heile tida. Og så går eg igjennom ymse nettaviser. På arbeid går eg igjennom ferske papiraviser. Fyrst og fremst dei lokale konkurrentane.

– Kva er ditt viktigaste verkty i jobben?

– Sansane. Auger og øyrer. Og språket. Når du skal formidle, må språket vere på plass. Og tenkje at skjønar ikkje kona eller mannen i nabolaget dette, har du feila.

– Kva irriterer deg aller mest med norske medium?

– Til tider går vi for ofte i flokk. Eg skulle ynske at einskildmedium tidlegare var flinke til å endevende ei sak alle skriv om, og sjå på henne med nye auge.

– Kva vert viktig for utføringa av journalistyrket framover?

– Kjeldekritikk og kjeldetilfang. Med sosiale medium som viktigaste konkurrent er det vårt fortrinn og vår utfordring å utøve god kjeldekritikk, og leite etter dei gode kjeldene som både stadfestar ei sak og som gjev fleire nyansar.

– Om du kunne gå tilbake i tid og møte deg sjølv som tenåring, kva råd hadde du gjeve?

– Ver ærleg mot deg sjølv. Då vert det lettare å vere ærleg mot omgjevnadene.

– Kva er den største utfordringa til mediebransjen akkurat no?

– Inntektssida. Eg har sjølv som redaktør vore med på å halvere staben i avisa eg arbeider i. Noko på grunn av at teknologien hentar oss inn, og gjev rom for andre og enklare måtar å løyse oppgåver på, men noko også fordi det har vore behov for kostnadskutt. Det er grenser for kor langt vi kan gå med innsparingar. Difor må ei solid inntektsside på plass. Eg trur vi berre kan drøyme om å hente tilbake dei annonsekronene vi har mist, men greier vi å lage eit godt produkt, er eg overtydd om at det er vilje til brukarbetaling. Då må vi greie å levere ein journalistikk som fengjer og engasjerer.

– Kva er forhold ditt til emojies og kva brukar du mest?

– Eg håper vi aldri kjem til å publisere ein emoji, verken i nettutgåva eller i papiravisa. Eg må likevel vedgå at eg brukar symbola når eg chattar. Då er eg likevel så gammaldags at eg knapt har kome lenger enn å nytte den klassiske smileyen.

– Når loggar du av for kvelden?

– Mellom 23 og 24 vanlegvis. Det kan hende det vert lenger viss gode venner på sosiale medium held meg oppe med gode diskusjonar og gode samtalar.

Powered by Labrador CMS