Morgenrutinen:

Svein Rune Kjøllesdal tar en pause fra Førde og Firda for Longyearbyen og Svalbardposten. Foto: Martin Huseby Jensen

Svein Rune Kjøllesdal syns det er viktig å få litt meir avstand mellom kontorstolen og skinka litt oftare

Om berre nokre veker byter han ut Førde med Longyearbyen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Svein Rune Kjøllesdal er journalist i Firda, men skal han snart ha permisjon frå. I ett år skal han jobbe for Svalbardposten.

– Kaffi eller te?

– Kaffi. Svart og sterk.

– Kva har du på nattbordet?

I spalten Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen.

Les alle morgenrutinene her

– Der er det lite spennande. Eit par krimbøker og telefonen. Den siste stel vel mesteparten av merksemda.

– Kva slags medier må du innom før morgonmøtet?

– Eg sjekkar alltid mi eiga avis, VG og konkurrenten NRK SFJ, før eg er kommen ut av senga. Så må eg ein runde innom Facebook, Twitter, og Snapchat… Radio eller podcast på øyret på veg til jobb.

– Korleis trur du kvardagen vil endre seg når du snart flyttar til Svalbard for å jobbe i Svalbardposten?

– Då trur eg kvardagen vil endre seg drastisk. Ein ting er at handverket er det same, men det blir mykje nytt. Nye folk, nye stadar, nye utfordringar. Men eg gler meg, det er ei sjansen ein må berre må ta når den dukkar opp. Så får vi håpe eg greier å halde isbjørnen på trygg avstand.

– Kvar leitar du etter gode saker?

– Ute blant folk, langs vegen eller på puben. Eg syns det er viktig å få litt meir avstand mellom kontorstolen og skinka litt oftare.

– Om du kunne velje kven som helst: Kven har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt og kvifor? 

– Hadde eg vore stø i russisk ville det vore veldig interessant å hatt litt tid med Putin, og høyrt kva han eigentleg tykte om valet i USA… Samtidig har eg jo lefla mest med sportsjournalistikk, og vart forma på 90-talet. Så eit intervju med David Beckham og Sir Alex Ferguson hadde eg neppe takka nei til. Spesielt saman. Med skosparking som tema.

– Kva slags spørsmål er det viktigaste for ein journalist?

– For ofte får for mange vri seg unna ubehagelege spørsmål. Då passar det godt å følgje opp med eit «kvifor?». Så om det ikkje er mitt viktigaste spørsmål er det i alle fall mitt viktigaste spørjeord.

– Kva er ditt viktigaste verktøy i jobben? 

– Snakketøyet og mobiltelefonen. I den rekkjefølgja.

– Når sist så du journalistikk som inspirerte deg og kva var det?

– Det ser eg heldigvis ganske ofte, både lokalt og nasjonalt. Bergens Tidende sin «Fem fot under» var presentert på ein nydeleg og fengjande måte. Slikt er moro å sjå.

– Kva irriterer deg aller mest med norske medium?

– Vår trang til å gå i flokk. Kan ikkje vi bryte ut litt oftare? Må vi lage opp igjen sakene til konkurrenten?

– Kva vert viktig for utføringa av journalistyrket framover?

– At vi passar på truverda vår, og held fram med å servere lesarar det som er viktig for dei, også det dei kanskje ikkje meiner er viktig i augneblinken. Vi må ikkje berre lage saker som skal underhalde. Også må vi ikkje gløyme at Norge er meir enn berre Oslo, og sjå saker frå andre stadar.

– Kva er den største utfordringa til mediebransjen akkurat no?

 

– Finansieringa. Vi må finne ut korleis vi skal sikre eit mangfald i mediebransjen, når inntektene stuper.

– Kva slags bilde/video fikk deg sist til å stoppe opp?

– VG sin reportasje om det amerikanske hatet. Det coverbildet med amerikanere med tatoveringar, solbriller og pistol. For eit bilde.

– Kva er det lengste du har klart å vere utan mobilen?

– I sommar trur eg at eg gjekk to dagar. Men ingen kan stadfeste det.

– Når logger du av for kvelden?

– Litt for seint, og heilt avhengig av om eg kjem frå kveldsvakt eller ei. Klokka blir fort midnatt.

Powered by Labrador CMS