Jan Helin. Foto: Janne Danielsson/SVT

Svensk mediebransje får medieetisk system meir likt Noreg

Introduserer eit felles system for medieetikk - uavhengig av publiseringskanal.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Det presseetiske systemet i Sverige i dag

PO - Allmänhetens pressombudsman

Behandlar meldingar om brot på god presseskikk i aviser og magasin, samt i visse elektroniske aviser.

PON - Pressens Opinionsnämnd/Pressens faglege utval

Overordna instans til PO. Etablert i 1916 av Publicistklubben, Svenska Journalistförbundet og Svenska Tidningsutgivareföreningen. Det er PON som endeleg avgjer om ein utgiver blir felt eller frikjent.

Granskningsnämnden för radio och tv 
Uavhengig og sjølvstendig organ i Myndigheten för press, radio och tv. Dei vurderer om innhaldet i radio- og tv-program følgjer reglane som finst for sendingane.

Den svenske systemet for medieetikk har lenge vore prega av manglar. Dersom nokon frå ålmenta ønskjer å varsle, må det rettast til ulike organ avhengig av kva type media det opplevde overtrampet har oppstått. I tillegg er det i dag ingen høve til å klage inn noko som har skjedd i ein podcast eller i ein digital publikasjon, produsert av nokon av dei tre statlege kringkastingselskapa SVT (Sveriges Television), Sveriges Radio eller UR (Utbildningsradioen, som også lager program for tv).

– Vi treng eit nytt system for medieetikk for å gjere det lettare for dei som meiner dei er blitt feilaktig behandla i media. Med forslaget vårt blir det enklare, ettersom ein då anmelder alt til ein stad, uansett kva plattform det er publisert på. Det vil dermed bli meir likt det norske systemet, seier programdirektør Jan Helin i SVT til Journalisten.

– Styrking av etikken

SVT har, saman med dei to andre statlege kringkastingsselskapa og Tv4, samt organisasjonane Tidningsutgivarna (TU) og Sveriges tidskrifter, blitt samde om eit nytt sjølvregulerande system for medieetikk.

Arbeidet med forslaget har pågått over lang tid. Samtlege medlemar av Utgivarna, (ein interesseorganisasjon for svenske medieutgivarar som vernar om ytringsfridomen og som slår ring om den frie og uavhengige journalistikken) og den svenske Publicistklubben og det svenske Journalistlaget støttar forslaget.

Konkret betyr forslaget at Allmänhetens Pressombudsman (PO) og Pressens Opinionsnämnd (PON) blir lagt ned og erstatta med ein Allmänhetens Medieombudsman (MO) og ei medieetisk nämnd (MEN), som skal arbeide med medieetikk. MO granskar og MEN dømer.

Granskingsnemnda skal halde fram med å vurdere klager på brot på objektiv og sakleg framstilling i radio og tv, men ikkje personlege krenkingar.

– I det lange løp inneber dette ei styrking av presseetikken. Alle media har i dag innslag med tekst, lyd og bilete. Då er det ulogisk for publikum at klagen skal rettast til ulike organ. Med dette forslaget følgjer medieetikken med i sin tid, det er sjølve essensen i forslaget, seier Helin.

Verdas eldste system for presseetikk

Jeanette Gustafsdotter er advokat og administrerande direktør i TU. Ho er samd i kritikken Jan Helin rettar mot dagens system, og ser fram til rask handling frå politikarane:

– Dersom politikarane meiner det sjølvregulerande systemet er tilstrekkeleg for å møte krava frå ålmenta, vil dei kople seg på. Men dersom dei meiner at materiale frå dei statlege kringkastingsselskapa skal regulerast meir enn materiale frå frie mediebedrifter, er det først og fremst opp til Kulturdepartementet å handle. Men det er framleis eit ope spørsmål.

Samstundes held arbeidet med å utforme detaljane i det nye systemet for medieetikk, fram. Det er avgjerande at ålmenta så raskt som mogeleg, får eitt organ å vende seg til, meiner Jeanette Gustafsdotter. Samstundes understrekar ho at arbeidet ikkje må bli prega av hastverk.

– Sverige har verdas eldste system for presseetikk. Det er ekstremt viktig at vi ikkje risikerer styrken som ligg i det, men passer på at det sterke systemet vil halde seg for framtida.

Omsetjing: Oddrun Midtbø

Foto: Jonas Hellsén
Powered by Labrador CMS