Jens Kihl er kommentator i Bergens Tidende. Foto: privat

MORGENRUTINEN:
Bergens Tidendes Jens Kihl synast det var stas då han fekk Islands president på tråden

Kommentatoren skulle ønske mediebransjen kunne kritisere kvarandre oftare.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.

Jens Kihl er kommentator i Bergens Tidende.

– Kaffi eller te?

– Kaffi. Ein kamerat og eg bur for tida under same tak, og den som står opp fyrst lagar til båe to. Fellesskap fungerer.

– Kva har du på nattbordet?

– «Slutten for det røde mennesket» av Svetlana Aleksijevitsj. Ein skulle kanskje tru at den handlar om ein journalist som sluttar i Klassekampen for å byrje i Bergens Tidende, men det viste seg å vere ei bok om menneska i Russland etter Sovjetunionens fall.

– Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

– Frå eg har vore bortom slumreknappen for andre gong, sånn omtrent. Dagen har liksom ikkje starta før eg har irritert meg gjennom Politisk kvarter. Bergens Tidende og Klassekampen er obligatoriske, saman med tre-fire nettaviser. I tillegg rullar eg gjennom NTB i håp om å finne noko det går an å skrive leiarteig om.

– Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

– Bjerknessenteret: – Regjeringas budsjettframlegg garanterer at vi når 1,5-gradarsmålet.

– Kor leitar du etter gode saker?

– Hos folk. Eg går ofte lei av å lese dokument og eg er ikkje flink til å søkje om innsyn, men eg liker å skravle. Nesten alle dei beste ideane dukkar opp fordi eg skulle ringje nokon og spørje om noko heilt anna.

– I tillegg les eg mykje lokalaviser. Landet er fullt av flinke lokalavisjournalistar som kvar dag leverer viktige saker. No som eg arbeider i Bergens Tidende, er dette endå viktigare for meg enn før.

– Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

– Nicola Sturgeon, fyrsteminister i Skottland og leiar for det skotske nasjonalistpartiet. Ho verkar som eit grepa kvinnfolk som tenkjer godt om korleis politikk skal fungere for borgarane.

– Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

– Utanom skravlinga, er det vel kanskje å kunne skrive. Verda er full av folk som kan meir enn vi journalistar kan, men noko av jobben vår er å prøve å forklare ting som er komplisert på ein greiare måte. Eg blir veldig glad når eg oppdagar at eg har fått det til.

– Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

– Eg hugsar eg sat på ei litt slapp søndagsvakt i Klassekampen. Vi hadde teke ein kontakt i retning Island om brexit, og plutseleg slo Islands president Ólafur Ragnar Grímsson på tråden. Eg veit ikkje om det er det aller raraste eg har opplevd, men litt stas var det jo.

– Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

– Aasmund Olavsson Vinje. Han er den store helten, både språkleg og fagleg.

– Kva irriterer deg aller mest med norske media?

– At Dagbladet vågar å kalle seg «liberale», men ikkje godtek nynorsk frå journalistane sine. Dei må rett og slett skjerpe seg noko kraftig.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

– Utanom pengar og alt det der: Eg trur vi kritiserer kvarandre for lite. Om folk oppfattar journalistane som éi blokk, er det lett å miste tillit til alle redaksjonar. Ved å kollegialt kritisere kvarandre kan vi betre utnytte alt det fine ved mediemangfaldet – og kanskje lære noko i same slengen. Vi burde lære av akademia, som eg trur er flinkare på dette enn det vi er.

– I Bergens Tidende trur eg den største utfordringa akkurat no er at Brann ser ut til å glippe på seriegullet.

– Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

– Theresa May som dansar seg inn på scena før ho skal tale til landsmøtet sitt. Det likte eg skikkeleg godt.

– Kva er det lengste du har klart å vera utan mobilen?

– Kort. Men eg veit ikkje om det er eit sjølvstendig mål for ein journalist å ikkje vere på.

– Når loggar du av for kvelden?

– Heilt til slutt.

Powered by Labrador CMS