Stillingsannonse:

NRK Sport Nyheter treng påfyll i vinter

Søknadsfrist: 02. oktober

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Ein ny vinter med høg aktivitet på sportsfronten ligg framfor oss. 

For å kunne levere godt innhald på alle plattformer,  må vi styrke nyheitsdesken på «heimebane» når våre faste folk dreg ut for å dekke dei mange konkurransane.

Vi treng difor midlertidig arbeidskraft i perioden 11.11.2019 til 30.03.2020.
 (Ein del vil få startdato 02.01.2020, fordi behovet ikkje er det same i heile perioden). 

NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar direktesendt sport i året. Vi har daglege nyheits-og magasinsendingar og satsar meir og meir på nett, mobil og sosiale medier.  

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet.

Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.   

Arbeidsoppgåver:

  • Lage og publisere engasjerande og viktig innhald for nett, TV og radio

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio.
  • Du må ha utdanning innan journalistikk eller informasjon frå universitet eller høgskule.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport. 
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ. 
  • Du må ha ha nyheitsteft og vere i stand til å jobbe raskt. 
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk. 
  • Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
  • Du må like, og klare, å jobbe under tidspress. 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande og utfordrande jobb i Norges største sportsredaksjon. 
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje godt humør.
  • Opplæring i arbeidsverktøya.

Spørsmål om stillingen kan rettes til:
Geirmund Henjum
, red.leiar, på tlf: 97403861 eller
e-post: geirmund.henjum@nrk.no

SØK STILLINGEN HER:

Firma: NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg.
Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige.
For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar,
treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister.
Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak.
Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden

Powered by Labrador CMS