Stillingsannonse:

Nynorsk pressekontor søkjer ansvarleg redaktør / dagleg leiar

Søknadsfrist: 30. november

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vi leitar etter ein person som er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet.

Sjefredaktøren vår gjennom ti år, Karoline Riise Kristiansen, blir språksjef i NRK. Vi søkjer derfor ny ansvarleg redaktør/dagleg leiar.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • å leie det daglege redaksjonelle arbeidet i NPK, i nær kontakt med NTB-redaksjonen
  • utvikling av organisasjon og medarbeidarar, inkludert ordinært personalansvar for dei tilsette i NPK
  • kontakt med eksisterande og moglege kundar, i dette arbeidet må du rekne med ein del reising
  • styring av inntekter og kostnader i NPK-organisasjonen
  • utvikling av nye tilbod og forretningsområde i tråd med føremålet til stiftinga og i samarbeid med NTB. Eit prosjekt som for tida er under arbeid er eit digitaltverktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk basert på kunstigintelligens - «nynorskroboten».
  • sekretærfunksjonen for styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor.
    Det er stiftarorganisasjonane Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag som peikar ut medlemmene i styret.
    I tillegg er dei tilsette representerte.

Kva slags redaktør vil vi ha?
Vi leitar etter ein person som er

  • stø i nynorsk og glad i å skrive språket
  • har solid erfaring i å gjere redaksjonelle val og vurderingar, og i etisk og kritisk tenking
  • er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet
  • liker å samarbeide med andre og oppnå resultat i lag
  • har spenstige idear og gjerne vil prøve ut nye ting, både redaksjonelt og kommersielt
  • har ei trygg hand om organisasjon og økonomi
  • følgjer medieutviklinga nøye, held seg oppdatert på ny teknologi og er ein pådrivar for å ta han i bruk der det er tenleg.

Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med:
Styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor Tom Hetland tlf. 911 87 478 eller sjefredaktør og administrerande direktør i NTB Mads Yngve Storvik tlf.
900 45 079.

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Nynorsk pressekontor

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender vi ut om lag 20.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.

NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Hamnelageret i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale.

Powered by Labrador CMS