Mediehallik

(KOMMENTAR): Det er aldri e-postintervju når ein skal bli konfrontert med noko drit, skriver vår nye spaltist Olaug Nilssen.

Published   Updated

Då eg var ung og dum, blei eg stolt kvar gong nokon vil­le in­ter­vjue meg. Fullt så stolt var eg ikkje nød­ven­dig­vis då re­sul­ta­tet kom på trykk, særleg et­ter­som bileta sjeldan vis­te meg fram slik eg såg meg sjølv. Det­te had­de eg også opp­levd før, eg har trass alt vakse opp i ei tid då forventningane om korleis ein vil­le ta seg ut på eit bi­le­te fekk vekse me­dan vi venta på fo­to­gra­fens fram­kal­ling. Men at også intervjuteksten kun­ne fram­stil­le meg på ein an­nan måte enn eg såg meg sjølv, var nytt for meg, og temmeleg fortvilande. Et­ter kvart som eg for­sto at eg had­de rett på si­tat­sjekk, blei det eit vik­tig rituale å nyt­te den­ne til noko po­si­tivt. Om eg fekk lov, skreiv eg om svara mine på mest mogeleg kunst­fer­dig vis, og la gjer­ne til atterhald og modifikasjonar som del av eit stør­re livs­pro­sjekt om å vere uangripeleg.

Et­ter­som eg har blitt eld­re og har fått meir sjølvinnsikt (= har blitt meir slum­se­te), har eg brukt mind­re tid på å prø­ve å kon­trol­le­re korleis eg fram­står offentleg i and­res blikk. Eg har sjølvsagt ikkje slutta å be om si­tat­sjekk, og kom­men­te­rer gjer­ne både manglar og misforståingar, men eg ser det ikkje len­ger som mitt an­svar at sjølve teks­ten skal vere god.  Eg har også skjønt at ein del journalistar har eit hel­ve­tes ar­beid med å tekkast sure in­ter­vju­ob­jekt som ikkje blir nøgde før alle forenklingar har blitt utgreiingar, så eg prø­ver å vere både blid og spiss­for­mu­lert både før og et­ter tekst­pro­duk­sjo­nen. Om eg lukkast i den­ne meir for­dek­te stra­te­gi­en på å bli fram­stilt som eg ser meg sjølv, kan eg jo ald­ri vite, men om svært ille skul­le skje, så har eg både twitter og facebook til å kor­ri­ge­re med.

Som tids­skrift­re­dak­tør for lit­te­ra­tur­ma­ga­si­net Kraft­sen­trum, var eg ein flit­tig bru­kar av e-post­in­ter­vju, og det var fleire grunnar til det­te. Først og fremst had­de eg oppdaga at eg ikkje var noko særleg til jour­na­list, og at det difor var be­tre å sam­ar­bei­de med forfattarane vi intervjua om slutt­re­sul­ta­tet. Eit e-post­in­ter­vju kun­ne også vere eit al­ter­na­tiv til eit es­say, det blei ein lågare ters­kel for lit­te­ra­tur­for­mid­ling når an­sva­ret for formuleringar og dra­ma­tur­gi blei delt mel­lom re­dak­tør og in­ter­vju­ob­jekt.

 Når det gjeld nor­ma­le journalistar og redaktørar med nor­mal yrkesstoltheit og nor­mal ar­beids­mo­ral, har eg all­tid trudd at dei helst vil ha an­sva­ret, el­ler i alle fall kon­trol­len sjølv. Men det er det jo slett ikkje all­tid dei vil! Sta­dig oftare sva­rer eg skriftleg på journalistanes spørs­mål. Eg får ein e-post med eit knip­pe spørs­mål, og som­me ti­der står det også i e-pos­ten kor man­ge teikn eg skal bru­ke på svara mine. Det sis­te er for så vidt eit formildande omstende, et­ter­som eg då slepp å erg­re meg over å ha brukt tid på å skri­ve lan­ge svar som li­ke­vel blir kutta ned til ein fjer­de­del, men et­ter­som eg li­ke­vel all­tid må erg­re meg over at jour­na­lis­ten tek seg tid til å om­set­te svara mine frå ny­norsk til bok­mål, går vinninga opp i spinninga. Endå meir irriterande er det at des­se intervjua ofte er enquete-spørs­mål. Al­ler oftast er dei enquete-spørs­mål om noko tri­vi­elt som det – ja! – kan vere morosamt å sva­re på, men som ikkje krev så mykje ener­gi og om­tan­ke at det ikkje kun­ne late seg gjere å sva­re over te­le­fon me­dan ein hengde opp ein kles­vask el­ler set­te på kaffitraktaren. Det er ald­ri e-post­in­ter­vju når ein skal bli kon­fron­tert med noko drit.

Eg kan sjølvsagt ber­re sei nei. Det er in­gen som vil grå­te blod over å ald­ri få høy­re kva som er «min fa­vo­ritt­dings», og hel­ler in­gen som vil sak­ne det biletet frå kon­fir­ma­sjo­nen min som eg bru­kar to dagar på å lei­te fram før eg scannar det og sen­der det per e-post sam­an med nokre svært velvalde og nøye ut­tenk­te ord om når eg blei vaksen (det var i alle fall ikkje idet eg be­stem­te meg for å stil­le opp i kvar min­ste enquete). Og det er ikkje ak­ku­rat slik at eg øydelegg for jour­na­lis­ten hel­ler, både avi­ser og vekeblad har heilt sik­kert meir enn nok vil­li­ge mediehorer å ta av når dei skal fyl­le spal­te­ne sine med tom­prat.

Men eg veit ikkje, eg er no ei me­die­ho­re eg óg, i alle fall blir eg framleis stolt kvar gong nokon vil in­ter­vjue meg. Så eg sva­rer. I alle fall sva­rer eg kvar gong eg får lov til å leg­ge ved eit pres­se­bil­de sjølv.  Det tar gjer­ne ein halv, el­ler i alle fall ein kvart ar­beids­dag, et­ter­som eg legg så mykje stoltheit i å for­mu­le­re meg på ein tøff og overraskande måte.

Og jour­na­lis­ten? Den stol­te mediehallik får i alle fall løn for stre­vet mitt.