Var det valdtekt?

(INNSPILL:) Den offentlige samtalen om voldtekt skiller seg fra den private samtalen.

Published   Updated

«Ber mediene dempe voldtektsoppslagene», skreiv journalisten i ei overskrift i si førre utgåve. Det var forskarane Marianne Sætre og Veslemøy Grytdal som syntes avisene dreiv sensasjonsjournalistikk. Dei meinte at det ikkje var nokon grunn til at norske jenter og kvinner skulle gå rundt i Oslos gater og vere redde, valdtektsfaren var knytta til bestemte livssituasjonar og livsstilar. «Statistikken viser nemlig at langt de fleste voldtekter skjer som resultat av en seksualkultur med festing, høyt alkoholkonsum og stort sexpress.»

Eg har absolutt ikkje lyst til å sette overfallsvaldtekter opp mot nachspielvaldtekter, men eg nyttar gjerne høvet (opprørt vatn) til å oppmode om meir open samtale rundt sistnemnte, slik som forskaren og forfattaren Hannah Helseth gjorde i si viktige debattbok Generasjon sex frå 2010. I bokas sterkaste kapittel, kjem ho med eit konkret døme på valdtekt frå gråsoneland, frå eit nachspiel der verken offer eller overgripar ser ut til å oppfatte hendinga som eit så grovt overgrep – i alle fall ikkje når situasjonen oppstår og føregår. Helseth argumenterer for at vi treng ei anna offentleg samtale om valdtekt enn den vi har i dag, at vi må snakke om korleis valdtektssiutasjonar oppstår, korleis dei blir følt og erfart, både for offer og overgripar. Ho skriv: «Når vi vet så lite om hvilke sammenhenger voldtekt inngår i, forblir den en forbrytelse som er uklart definert i folks bevissthet: det blir vanskeligere å forhindre de voldtektene det skjer flest av – de som skjer mellom folk som kjenner hverandre.»

I Lars Ramslies roman Fatso frå 2003 skjer det to seksuelle overgrep mellom folk som kjenner kvarandre. Måten desse hendingane blei møtt av bokmeldarane for åtte år sidan, kan vere eit talande eksempel på kvifor dette er så vanskeleg. Det eine overgrepet begår hovudpersonen Rino mot veninna Maria mens ho søv i same seng som han. Det andre begår Maria og hennar veninne mot Rino når han er for full til å gjere greie for seg. Då boka kom ut i 2003, var det ingen av bokmeldarane som sa noko om sistnemnte. Og det var heller ingen som ville ta tydeleg stilling til førstnemnte. Eg var ein av dei som anmeldte Fatso, og eg skreiv mellom anna følgande:

Slik eg ser det, er det fleire av handlingane til Rino som ikkje kan bli forsvarte. Likevel slepp han billeg unna, både fordi han i romanen ikkje må stå til rette for det han gjer, og fordi lesaren sannsynlegvis er på hans side same kva. Det er ikkje grunn til å tru at forfattaren pakkar overgrep inn i humor og medkjensle for å ufarleggjere dei; Fatso er inga forsvarstale for overgrep, men ein får sitt å tenke på: Kor mykje ser ein sjølv gjennom fingrane med og kva skal til før ein reagerer?

Eg hugsar ikkje alt eg tenkte og kva slags vurderingar eg gjorde då eg skreiv dette, men eg veit at eg var klar over at eg teidde om jentenes overgrep. I lys av måten eg kommenterer Rinos overgrep på i bokmeldinga, er det opplagt at dette var ei forsømming. Som eg er flau over. Og har tenkt på fleire gongar. Og som eg er glad for at Lars Ramslie peika på i ein kronikk om boka, filmen og resepsjonen i Dagbladet nyleg, sjølv om eg ikkje var den einaste og sjølv om det har gått åtte år.

Når eg les slutten av Fatso om igjen i dag, tenkjer eg at grunnen til utelatelsen kan ha vore at eg så gjerne ville sjå gjennom fingrane med begge overgrepa, at eg tenkte at no måtte ikkje dette småtteriet øydelegge for alt det fine som dei to hovudkarakterane hadde bygd opp. På same måte som eg med pragmatisk, men medfølande innstilling har tilrådd veninner å ikkje anmelde valdtekter fordi eg ikkje trur dei vil få gjennomslag for si framstilling av sakas alvorligheitsgrad. Og på same måte som eg ikkje eingong tenkjer på at anmeldelse kunne vere aktuelt om eg høyrer om menn som har blitt utsett for noko tilsvarande som Rino i Ramslies roman opplever.

Den offentlege samtala om valdtekt og overgrep skil seg etter mi erfaring frå dei mange tusen private samtaler om same emne. Vi må, for å gjenta Hannah Helseths oppmoding, snakke om korleis valdtektssituasjonar oppstår, korleis dei blir følt og erfart, både for offer og overgripar. Og eg vil legge til: uansett kjønn.

Olaug Nilssen er forfatter, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.