Olaug Nilssen (33) er forfattar, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.
Olaug Nilssen (33) er forfattar, skribent, kjøkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.

Les for meg!

(INNSPILL:) Olaug Nilssen tror folk lengter etter noe større enn det daglige gnålet på sosiale medier og journalistspråkets hule og repeterende klisjeer.

Published   Updated

Eg har levd i den alvorlege villfarelsen at NRK ville legge ned Morgenandakten på p1 i 2010, men at ein storm av kristne lyttarar fekk statskanalen på betre tankar. Dette hadde eg tenkt å bruke som argument for at NRK ikkje må legge ned Morgenkåseriet og Verdt å lese på P2.

Diverre har eg funne ut at eg tek feil. For eit par år sidan var det derimot på tale å gjere endringar i konseptet. Leiinga ville sleppe til representantar for andre religionar ved Morgenandaktens mikrofon, noko mange kristne syntes var dumt, og som det heller ikkje har blitt noko av. No er det likevel slik at ingen av dei som held morgonandaktar taler på vegner av den norske kyrkja, men derimot på vegner av seg sjølve.

Eg synest ikkje det er så rart at eg ikkje har merka nokon skilnad. Kvar gong eg høyrer morgonandakten, er det anten ein prest eller nokon som høyrest ut som ein prest (til dømes Rune Larsen) som preikar. Dei tar for seg eit kvardagsfilosofisk, høgtidsfilosofisk eller livskrisefilosofisk emne, speler ein salme eller ei Bjørn Eidsvåg-låt og ber Vår far i  himmelen.

No må du ikkje tru at eg ikkje set pris på å få servert tankane til folk som er eller høyrest ut som prestar på radioen. Tvert imot istemmer eg gjerne med forfattaren Gabriel Moro, som rett nok ikkje har noko som helst med morgonandakten å gjere, og som i sitatet under snakkar om noko heilt anna:

Jeg tror folk lengter etter å lytte til språk og ord som vil noe større enn det daglige gnålet på sosiale medier og journalistspråkets hule og repeterende klisjeer.

Sitatet er henta frå eit intervju på Den Norske Forfatterforenings nettsider, der det for tida føregår ei kampanje for at NRK p2 skal behalde «Verdt å lese». Gunnar Staalesen seier at tekstdiskusjon aldri kan erstatte rein tekstformidling, endå det er det NRK har planlagt å erstatte «Verdt å lese» med – dei vil erstatte høgtlesingsprogrammet med program der NRKs eigne journalistar diskuterer litteratur. Frode Grytten seier til DnF at NRK erstattar den ekte vara med substituttet, og på spørsmål frå journalisten om ein lærer godt språk av å lytte til dei som kan språket best, svarer han: «Sjølvsagt, det er opplagt for alle andre enn dei som driv med journalistikk, og som er i eit evig driv mot at deira eiga stemme er den einaste som kan forklare og formulere verda.»

No er det gjerne påfallande at det berre er kristne som protesterer mot omlegging i morgonandakten og at det berre er forfattarar som kjem med synlege protestar mot nedlegging av «Verdt å lese». I Facebook-gruppa «Ja til morgenkåseriet», er det så vidt eg kan sjå både journalistar, lærarar og bokhandlarar. Rett nok er det berre 692 til saman, og med tanke på at Facebook-gruppa «vi ønsker Jul i skomakergata tilbake på norsk fjernsyn» har 26 659 medlemmer og at Facebook-gruppa «Gi oss drømmehagen tilbake» har 21 333 medlemmer, utan at nokon av dei oppnådde det dei kjempa for, tvilar eg vel på at vi når fram til nrk-leiinga med vår vesle knyttneve. Dessutan hender det ikkje så reint sjeldan at morgonkåseriet er direkte umorsomt og dårleg. Men ofte nok er morgonkåseriet reint gull, som når Svein Egil Omdal harselerer over internetthat under pseudonymet Fjellmann, eller ein (som høyrtes litt ut som ein prest) fortalde om den gongen Kim Jong Il kidnappa ei sør-koreansk skodespelarinne på syttitalet for å ha nokon å diskutere film med.

Men tilliks med dei fleste andre som uttaler seg til fordel for morgenkåseriet, så har eg resignert. Vi er for få som likar det. Eg har ikkje særleg mykje håp om at «Verdt å lese» overlever heller, trass i DnFs protestar. At forfattarar protesterer på nedlegging av eit program som genererer forfattarinntekter, hjelper lite når NRK skal kutte 10 kulturmillionar. Då får det heller vere ein mager trøyst at vi framleis har Morgonandakten. Og for oss som av og til må stå opp før klokka seks, så har vi også Mytekalenderen med Terje Nordby. Rett nok mistenkjer eg at Mytekalenderen er ei evigvarande reprise, men likevel: då er han billeg! Vi har han!

Olaug Nilssen er forfatter, skribent, kjøkkenbenkrealist og kulturlivsstyregrossist.