Kommentar:

Jens Kihl er klubbleiar i Klassekampen. Foto: Martin Huseby Jensen

Pressets hus

Ein arbeidstakarorganisasjon må stå på arbeidstakaranes side. Og bli der.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

For tida går det ein debatt om kor vidt Norsk Journalistlag likevel burde gå vidare med planane om Pressens hus. Det er litt uklart kvifor denne debatten finst: Landsstyret i NJ fatta i 2016 eit klokt prinsippvedtak mot å flytte inn hos vår motpart i tarifforhandlingar. Men i og med at det ser ut til å rulle ein omkamp om vedtaket, og leiinga gjerne rullar ut våre medlemskontingentar for å finansiere moroa, er det på tide å be forbundsleiinga om å rulle inn.

Inn i Pressen hus er det altså meininga at NJ skal flytte saman med Mediebedriftenes landsforening og andre presseorganisasjonar. Om sterke krefter i NJ-toppen får det som dei vil, skal vi altså liggje i skei med vår viktigaste motstandar MBL. Nokon seier at vi får fridom også under felles tak med MBL, men spørsmålet her er ikkje kven som får vere store- og vesleskei: skei er skei.

I ein streik eller ein annan konfliktsituasjon skal våre tillitsvalde stå og småsnakke litt om stemninga med motparten ved kaffiautomaten, høyre med MBL om det er greitt å låne møterommet til å sortere streikevestar og vente ved skrivaren på at siste utgåve av streikesongen blir skriven ut. Det kjem sikkert til å bli kjempekoseleg – eg tviler ikkje på at gjengen i MBL er ålreite folk. Men det er viktigare for meg at fagforeininga mi kjempar for mine interesser enn at NJ sentralt får avtalt fredagspils med dei som skal innfri krava våre.

Så blir det sagt at det ikkje treng å bli sånn. At det blir eigne etasjar og at det ikkje treng å vere kontakt. At du som medlem kan ha eit møte med ein NJ-tilsett utan at MBL ser det. Men dersom målet er mediepolitiske parallellsamfunn – kva i alle dagar er då vitsen med å flytte saman? Under eit møte i fjor sommar sa NJ-advokat August Ringvold ifølgje Journalisten at ”Jeg kjenner meg ofte ikke igjen som det fiendebildet som ofte tegnes. Vi leier samme bil som motparten når vi er på reise, og jeg mener faktisk at jeg alltid har hatt integriteten i behold”. Bildeling med naboen er bra. Men eg ville blitt skeptisk om naboen kom og sa at ettersom det gjekk så fint å ta same bil til jobben, så kunne vi jo like gjerne flytte saman.

NJ er og skal vere ein profesjonsorganisasjon. Det er massevis vi skal samarbeide med MBL om. Men midt i ei mediekrise, der medlemene treng ei sterk fagforeining meir enn på lenge, kan vi ikkje nedprioritere å kjempe for journalistanes løns- og arbeidsvilkår. Då gjer vi ikkje jobben vår.

Sjølvsagt har dette også økonomiske sider. Før jul brukte landsstyret i NJ mindre enn eitt kvarter på å banke gjennom eit 2018-budsjett med eit underskot på om lag to og ein halv million kroner. Så enkelt kan det gjerast. Nye tal viser at NJ framleis ramlar nedover i medlemstal, og i mellomtida tek vi av eigenkapitalen for å finansiere drifta. I mitt liv er det sånn at NJ-kontingenten tek eit greitt jafs av løna. Då er det sjølvsagt frustrerande å sjå at dei som styrer bruken av medlemspengane kan dele ut hundre tusen til eit prosjekt som vil gjere NJ til ein svakare motpart mot arbeidsgjevarane, og dermed gje meg mindre att for kontingenten min. Om husleiga skulle vise seg å vere litt lågare har det ikkje noko å seie. Eg treng ein pitbull, ikkje ein puddel. Det er viktigare enn kult hundehus.

”Pressens hus” har blitt namnet på dette Stockholm-syndromet av eit prosjekt. Med tanke på kva slags effektar det vil ha å bu saman med arbeidsgjevarsida, vil eg gjerne kome med eit framlegg til nytt namn: Pressets hus.

Powered by Labrador CMS