NRK søker fem distriktsredaktører

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
NRK
Søknadsfrist
15.05.16

NRK er Noregs største kringkastar og mediehus, med eit samfunnsoppdrag som er unikt i den norske mediemarknaden. NRK skal informere, opplyse, utfordre og underhalde nordmenn via TV, radio og nye medieplattformer. Våre grunnleggande verdiar er open, modig og truverdig. Basert på dette produserer NRK program om alle og for alle. Det er vår oppgåve å spegle heile Noreg. Derfor har vi medarbeidarar og kontor landet rundt.

NRK er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn

NRK søker fem distriktsredaktører

NRK etablerer fem regionar i distriktsdivisjonen. Det er ledig stilling som distriktsredaktør i Trøndelag, Vestfold, Buskerud, Telemark og Sogn og Fjordane. NRK søkjer difor etter distriktsredaktørar på desse fem distriktskontora. Distriktsredaktøren er ein del av den regionala leiargruppa og den utvida strategiske leiinga i distriktsdivisjonen. Distriktsredaktøren rapporterer til regionredaktøren og skal samarbeide på tvers i regionen, i divisjonen og nasjonalt.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter tydelege og engasjerte redaktørar som skal sørgje for at NRK er landets viktigaste mediehus ved å vere best på hendingar og fordjupande nyheiter både regionalt og nasjonalt.
I det daglege har du ansvar for innhaldsproduksjonen og leier utviklingsarbeidet ved kontoret. For å lukkast i stillinga må du trivast med endringsprosessar, og vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring og nyskaping. Det gjeld både for journalistikk, programskaping og organisasjon.

Vi ser etter ein redaktør som også skal jobbe for at NRK skal vere ein brei og samlande arena for debatt og offentleg samtale. Distriktskontora i NRK har eit spesielt ansvar for å underbyggje mediemangfaldet lokalt og regionalt.
Distriktsredaktøren har budsjett- og personalansvar.

NRK Sogn og Fjordane: Er ein del av NRK region vest og har hovudkontor i Førde. Distriktskontoret har daglege radiosendingar på NRK P1, og regional TV-sending i lag med NRK Hordaland. NRK Sogn og Fjordane har eigne mobil/nettsider og har faste riksproduksjonar for NRK1. NRK Sogn og Fjordane har nynorsk som målform. Den som blir tilsett må vere ein stødig nynorskbrukar.

Spørsmål om stillinga til regionredaktør vest, Kai Aage Pedersen, mobilnr: 97055202.

NRK Vestfold: Er ein del av NRK region sør og har hovudkontor i Tønsberg. Distriktskontoret har daglege radiosendingar på NRK P1, og regional TV-sending i lag med NRK Telemark og NRK Buskerud. NRK Vestfold har eigne mobil/nettsider. Redaktøren i Vestfold skal ha eit regionalt ansvar for å dyrke fram idear som kan gje nasjonal programskaping på alle plattformer i tråd med NRK-strategien. 

NRK Telemark: Er ein del av NRK region sør og har hovudkontor i Porsgrunn. Distriktskontoret har daglege radiosendingar på NRK P1, og ansvar for den regionale TV-sendinga i lag med NRK Vestfold og NRK Buskerud. NRK Telemark har eigne mobil/nettsider.

Spørsmål om stillingane i Telemark og Vestfold til regionredaktør sør, Heidi Pleym, mobilnr: 47285164.

NRK Buskerud: Er ein del av NRK region øst og har hovudkontor i Drammen. Distriktskontoret har daglege radiosendingar på NRK P1, og regional TV-sending i lag med NRK Vestfold og NRK Telemark. NRK Buskerud har eigne mobil/nettsider.

Spørsmål om stillinga til regionredaktør øst, Jannicke Engan, mobilnr: 93054856 eller regionredaktør sør, Heidi Pleym, mobilnr: 47285164.

NRK Trøndelag: Er ein del av NRK region midt og har hovudkontor i Trondheim. Distriktskontoret har daglege radiosendingar på NRK P1, regional TV-sending, eigne mobil/nettsider og nasjonal nyheitsproduksjon. Distriktskontoret dekkjer både Nord- og Sør-Trøndelag. Hovudkontoret er lokalisert i lag med riksproduksjonsmiljøa i NRK Trøndelag og NRK P3.

Spørsmål om stillinga til regionredaktør midt, Sigrid Gjellan, mobilnr: 95081116.

Kvalifikasjonar

• Erfaring frå publisering og innhaldsproduksjon
• Forståing for medieutvikling og evne til å utvikle digitale satsingar
• Redaksjonell leiarerfaring med solid innsikt i presseetikk
• God kunnskap og forståing for NRK sitt oppdrag, rolle og verdiar
• Evne til å gjennomføre raske endringsprosessar
• Stor arbeidskapasitet og god gjennomføringskraft
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namnet sitt offentlegggjort må grunngje kvifor. Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.

Søknadsfrist: 15. mai 2016

Send din søknad her: www.webcrutier.no

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Les også

– Alle bidrar til at det går bra, sier Hegnar. Da må også alle få.

Journalistene tyr litt for lett til kilder som er lett tilgjengelig.