Dølen søkjer engasjert journalist

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Dølen as
Søknadsfrist
01.09.17

Dølen AS på Vinstra er utgivar av avisa Dølen og nett-/mobilutgåva dolen.no. Dølen gir også ut Hyttemagasin Gudbrandsdal to gonger i året. Dekningsområdet omfattar Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommunar, region Midt-Gudbrandsdal.

Dølen kjem ut ein dag i veka i eit opplag på om lag 4.000, og er med det Gudbrandsdalens største lokalavis.

Verksemda har fire tilsette og brukar båe målformar.

Både lesar- og annonsemarknad er stabilt, og lokalavisa har ei solid forankring i lokalmiljøet.

Dølen as er eigd av Gudbrandsdølen Dagningen (50%) og Skjåk Mediautvikling (50%), som er ein del av Polaris Media Nordvestlandet.

Dølen søkjer engasjert journalist

Vil du jobbe i ei av landets beste lokalaviser? Dølen har ledig 100 prosent stilling som journalist.

Vi søkjer ein kreativ og initiativrik person, med evne til å stå på for å vidareutvikle lokalavisa, både på papir med djuptgåande journalistikk, og digitalt med spissa nettjournalistikk.

Du må kunne jobbe sjølvstendig, men og i team. Du må vera samfunnsengasjert og kunne leite opp dei gode sakene. Vi vil vera ei lokalavis som skriv om det folk er opptekne av. Difor må du like å vera ute og treffe folk, og kunne sjå saker i kvardagslivet.

Vi ser etter ein person som har sterk digital kompetanse og som ser nytta av å bruke sosiale medium.

Dølen ønskjer å bidra til å skape eit levande lokalsamfunn. Difor er det viktig at du er engasjert, liker å skape engasjement, er framoverlent og kreativ.

I lokalavisa må ein ha evna til å konfrontere alle typer folk i arbeidet med saker, og ein må like å skrive nyheitssaker, så vel som magasinsaker. Du må ha sansen for det gode biletet, og like å fotografere.

I Dølen vil du jobbe i ein liten redaksjon der det er stor takhøgde og godt humør. Du vil få fridom i arbeidet og moglegheit til å utvikle deg i eit miljø med høgt tempo. Utdanning som journalist er ingen føresetnad. Personlege eigenskaper og evner er like viktige.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos påtroppande redaktør og dagleg leiar Tone Sidsel Sanden, mob. 975 81 312 eller e-post [email protected].

Søknad med CV skal sendast til Dølen as v/Tone Sidsel Sanden på e-post:

[email protected] innan 1. september 2017.

Søknadsfrist: 01. september 2017

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
19.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
03.12.2017

Les også

TRONDHEIM (Journalisten): Etter å ha gått gjennom forsideoppslagene om terroristen, kunne Anne Gjelsvik dele bildebruken i fire faser.

Kjersti Løken Stavrum, administrerende direktør i Stiftelsen Tinius, mener mangelen på kvinner i ledelsen er gårsdagens problem som ennå ikke er løst.