Journalist i fast stilling

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: annonse@journalisten.no

Firma
Firda
Søknadsfrist
16.09.17

Firda held til i Førde og er lokalavis for tolv kommunar i Sogn og Fjordane. Samla når vi 44.000 lesarar dagleg gjennom avis, nett og mobil. Vi er 17,5 årsverk i redaksjonen, og Firda vert redigert på nynorsk. Firda Media AS er eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Journalist i fast stilling

Ledig jobb i Norges største nynorskavis

Firda søker etter ein journalist i 100 prosent fast stilling.

Vi er på jakt etter ein person med høg digital kompetanse, som er samfunnsengasjert og har stor interesse for det politiske fagfeltet. Du må ha vilje til å stå på og kunne jobbe både sjølvstendig og saman med andre. Personen vi søker etter brenn for samfunnsoppdraget og den undersøkande journalistikken, og ønsker å vere med på å utvikle lokaljournalistikken og den journalistiske presentasjonen.

Som journalist i Firda lagar du nyheitssaker, reportasjar og videoar, og du må kunne fotografere. Du må like å vere ute og snakke med eit breidt spekter av menneske og kunne leite deg fram i dokument for å finne saker frå ulike arenaer.

I Firda får du spennande, utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver i eit godt og hektisk miljø. Du får også gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsstaden blir på hovudkontoret i Førde. Det er ein føresetnad at du har førarkort for bil.

Kvalifikasjonar:

  • Gode allmennkunnskapar, sikker språkføring og god formidlingsevne.

  • Samfunnsinnsikt og stor interesse for det politiske fagfeltet.

  • Høg digital kompetanse.

  • Sterk nyheitsteft og evne til å ha oversikt i nyheitsbildet.

  • Vere sjølvgåande og ha gode samarbeidsevner.

  • Erfaring frå publisering på sosiale medium og forståing for kva som fungerer.

  • Høgt etisk medvit.

Spørsmål om stillinga kan stillast til utviklingsredaktør Eirik Grane:

eirik.grane@firda.no – 911 49 808

Klubbleiar for Norsk journalistlag i Firda er Idar Stadheim:

Idar.stadheim@firda.no – 901 28 020

Søknad med CV og referansar sender du til eirik.grane@firda.no

Søknadsfrist: 16. september 2017

 

 

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: annonse@journalisten.no

Les også

Reportasje:

SANDNESSJØEN (Journalisten): Helgelands Blad holder til i et hus fra 1920 med eget trykkeri.

STORTINGET (Journalisten:) Partiets nye mediepolitiske talsperson sier han vil legge vekt på å lytte til mediebransjeaktørene.

Forlater Rema 1000 etter mindre enn ett år.