Høgskulelærar - høgskulelektor innan webdesign og medieutvikling – st. nr. 45/2017

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Høgskulen i Volda
Søknadsfrist
27.11.17

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskulelærar - høgskulelektor innan webdesign og medieutvikling – st. nr. 45/2017

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag er det ledig eit engasjement i 100 % stilling som høgskulelærar eller høgskulelektor innan webdesign og medieutvikling knytt til bachelorstudia i Mediedesign, Journalistikk og PR, kommunikasjon og media. Stillinga er ledig i perioden 1.1.2018 – 31.12.2018 og det kan bli aktuelt med forlenging ut over engasjementsperioden i inntil eitt år.

Stillinga skal dekke undervisning og fagleg utviklingsarbeid innanfor webdesign og medieutvikling, med vekt på allsidig webproduksjon, programmering og mobile medium både i bachelorstudia og i ekstern kursverksemd. Søkjarar må ha relevant utdanning, og beherske prosjektutvikling spesielt retta mot web og mobile plattformer. Søkjarar må kunne undervise på engelsk. Omfattande praksis kan vege opp for manglande formell utdanning. Søkjar utan hovudfag/masterutdanning, men med særleg relevant praksis, vert tilsett som høgskulelærar. Søkjarar som i tillegg har høg formell kompetanse vert tilsett som førstelektor eller førsteamanuensis.

Vi ser etter deg som:

  •  Har jobba som webdesigner (front end) og brenn for utviklinga på dette fagfeltet.
  • Har allsidig erfaring med webutvikling og er oppdatert på grunnteknologiar (HTML, CSS, JS) og rammeverk for front end.
  • Er opptatt av brukaroppleving og brukarsentrert systemutvikling, interaksjonsdesign og utvikling av komplekse grafiske grensesnitt, og det å lage gode produkt.
  • Er interessert i å utvikle og formidle faginnhald og rettleie studentar i utviklingsarbeid
  • Er innovativ og trivast med å tileigne deg ny kunnskap om eit fagfelt i stadig fornying.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Søkjaren må kunne bruke digitale verkty i undervisning og til gjennomføring av eksamen. Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning.

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ i normal årsløn for denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011 frå kr 548 200 - 673 800/førstelektor 1198 frå kr 558 500 - 686 900/høgskulelektor 1008 frå kr 474 700 - 594 400/ høgskulelærar 1007 frå kr 430 100 – 548 200.

Søknadsfrist: 27. november 2017.

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller vanleg postgang til høgskulen.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:- vitnemål og attestar, samla i ei fil- CV- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid- inntil 15 vitskapelege arbeid som søkjar vil ha vurdert (inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve) 

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan vert vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlemer. Ved eventuell forlenging av stilling som førstelektor eller førsteamanuensis utover eitt år, vert dei faglege kvalifikasjonane til den tilsette vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlemer. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, tlf. 70 07 52 75 eller til programansvarleg for mediedesign Ivar John Erdal, tlf. 70 07 54 25 / 909 19 596.

Søk på stillingen her: www.jobbnorge.no

Søknadsfrist: 27. november 2017

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
Snarest
Søknadsfrist
03.12.2017
Søknadsfrist
05.12.2017
Søknadsfrist
10.12.2017

Les også

Kristelig Folkeparti og Venstre har fremforhandlet at pressestøtten videreføres på samme nivå som i år.

Fagpressedagen:

Høyres Tage Pettersen og Arbeiderparties Masud Gharahkhani ser ikke bort fra at partiene blir enig om å gi Fagpressen digitalt momsfritak.