Høgskulelektor/høgskulelærar i praktisk TV-journalistikk - st. nr. 44/2017

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Høgskulen i Volda
Søknadsfrist
20.11.17

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskulelektor/høgskulelærar i praktisk TV-journalistikk - st. nr. 44/2017

Vil du bli lærar for motiverte journaliststudentar i Volda?

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, er det ledig eit engasjement som praksislærar i journalistisk arbeid med vekt på fjernsyn og levande bilete i perioden 15.1.2018 - 15.4.2018.

 

Vi er ei av dei største journalistutdanningane i landet med to profesjonsretta bachelorutdanningar i journalistikk. Avdeling for mediefag har også utdanningar i PR, kommunikasjon og media i tillegg til animasjon. Avdelinga har også masterutdanning i journalistikk og dokumentar.

 

Søkjarar til stillinga må ha journalistisk erfaring frå fjernsyn, særleg frå nyheits- og aktualitetsprogram, og ha kunnskap om publisering av tekst, lyd og bilde på ulike publiseringsplattformer.

 

Journalistfaget har ein tverrfagleg basis for undervisinga, og den som blir tilsett i stillinga må ha høgare utdanning innanfor journalistikk, samfunnsfag, norsk språk eller andre relevante fag. Omfattande, dokumentert praktisk erfaring kan erstatte formell akademisk kompetanse.

 

Den som vert tilsett i engasjementet skal i hovudsak arbeide med undervisning i praktisk journalistikk og redaksjonsleiing knytt til våre publikasjonar og studentarbeid. Journalistutdanninga produserer journalistikk på fleire plattformer, mellom eigen fjernsynskanal, sosiale medier, radiostasjon, nettavis og avis. Arbeid med digitale medier og tverrfagleg publisering er vesentleg. Alle våre publikasjonar er redigerte etter Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

 

Vi leitar etter deg med solid yrkespraksis frå nyheits- og aktualitetssjangeren og som samarbeider godt med andre redaktørar på fleire plattformer. Vi ynskjer ein tydeleg og fagleg stødig rettleiar for studentane. Den kan vere aktuelt at den som vert tilsett i engasjementet har redaktøransvar.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering og oppmodar kvinner om å søkje.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lover for offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjar kan rekne med å verte kalla inn til intervju og eventuelt prøveundervising.

 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ i normal årsløn for denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 474 700 - 594 400/høgskulelærar 1007 frå kr 430 100 – 548 200.

 

Søknadsfrist: 20. november 2017

 

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.

 

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

 

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

 

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- CV med kontaktinformasjon for referansar
- vitnemål/attester
- Vitskapelige arbeid og/eller arbeidsprøver

Dei faglege kvalifikasjonane til søkaren blir vurdert av eit sakkunnig utvalg med tre medlemmar. Søkar må ta med original/stadfesta kopier av attester og vitnemål på eventuelt intervju.

I samsvar med offentleglova sin § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønsker å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli untatt offentligheit, jfr. Offentlighetslova» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

 

Spørsmål til stillinga kan rettast til:
- dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn [email protected] tlf 70 07 52 75, eller til
- programansvarleg for journalistikk Jan Ytrehorn [email protected] tlf 70 07 51 05

 

Søk på stillingen her: www.jobbnorge.no

 

Søknadsfrist: 20. november 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
Snarest
Søknadsfrist
03.12.2017
Søknadsfrist
05.12.2017
Søknadsfrist
10.12.2017

Les også

Kristelig Folkeparti og Venstre har fremforhandlet at pressestøtten videreføres på samme nivå som i år.

Fagpressedagen:

Høyres Tage Pettersen og Arbeiderparties Masud Gharahkhani ser ikke bort fra at partiene blir enig om å gi Fagpressen digitalt momsfritak.