Nynorskpraktikantar i NRK

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
NRK
Søknadsfrist
15.10.17

NRK er Noregs største kringkastar og mediehus, med eit samfunnsoppdrag som er unikt i den norske mediemarknaden. NRK skal informere, opplyse, utfordre og underhalde nordmenn via fjernsyn, radio og nye medieplattformer. Dei grunnleggande verdiane våre er open, modig og truverdig. På grunnlag av dei lagar NRK innhald om alle for alle. Oppgåva vår er å spegle heile Noreg, difor har vi medarbeidarar og kontor landet rundt.

NRK er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Nynorskpraktikantar i NRK

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte og godt orienterte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, sosiale medium, radio og fjernsyn. Det 28. praktikantkurset startar 3. januar og er ferdig 30. juni 2018. Det er fem plassar på kullet. Frå 2004 til no har vi lært opp 130 nynorskpraktikantar, og 58 prosent av dei arbeider i media. 45 prosent er i NRK.

Les meir: NRK Nynorsk Mediesenter

Arbeidsoppgåver

  • Det er ei svært praktisk opplæring, etter lære-med-å-gjere-det-metoden. Praktikantane lagar saker for nett, sosiale medium, radio, og fjernsyn i den daglege produksjonen i redaksjonen.
  • Praktikantane lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og arbeide under tidspress, med rettleiing frå faglærarar og kollegaer i NRK Sogn og Fjordane og andre NRK-redaksjonar.
  • Praktikantane må lære dei arbeidsverktya NRK brukar.

Kvalifikasjonar

  • For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ville bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule.
  • Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.
  • Vi ynskjer søknader som fortel noko om søkjarane og kvifor dei søkjer. Viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av alt dette vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest.
  • Det er ynskjeleg at praktikantane har førarkort.

Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn.
  • Dei må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
  • Eit levande og godt språk og evne til å fortelje er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr

  • Seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, some, radio og fjernsyn.
  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
  • Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring vert nynorskpraktikantane rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Kontaktinfo:

Magni Øvrebotten, Leiar(+47) 970 55 201

Rune Fossum Lillesvangstu, faglærar (+47) 918 74 111

Søk på stillingen her: www.webcruiter.no

Søknadsfrist: 15. oktober 2017

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]