Nynorsk avissenter søkjer fem journalistpraktikantar

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Stiftinga Nynorsk avissenter
Søknadsfrist
15.10.17

Stiftinga Nynorsk avissenter lærer opp fem journalistpraktikantar i halvåret. Vi held til i Førde i Sogn og Fjordane, med Firda Media som vertsavis. Føremålet er å rekruttere nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. Vi samarbeider med NRK og brukar nokre av dei dyktigaste førelesarane på ulike område. Kring 60 prosent av tidlegare praktikantar er i dag journalistar på heil- eller deltid. Vi tilbyr eksterne praksisplassar i aviser som Klassekampen, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Jærbladet, Dag og Tid, Hordaland, Kvinnheringen og Hallingdølen. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.

Nynorsk avissenter søkjer fem journalistpraktikantar

Journalistopplæring på rekordtid

Nynorsk avissenter tek inn fem nye journalistpraktikantar.

Startar i Førde 3. januar og varer til 30. juni 2018. Løn i heile opplæringstida.

Vi tilbyr

  • Noregs mest effektive opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda og to månader i sjølvvald redaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar
  • Video, foto, sosiale medium, frontredigering, datastøtta journalistikk
  • Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode
  • Tett oppfølging frå erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Vi hjelper til med å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn
  • Førarkort er ein fordel

Søknadsfrist: 15. oktober 2017

Vi samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Dei driv tilsvarande opplæring retta mot NRK sine redaksjonar. Dei lyser no ut det 28. kullet med same søknadsfrist.

Klikk her for meir informasjon og for å søkje:

www.nynorskavissenter.no

Kontakt:

Dagleg leiar Ivar Myklebust Longvastøl, tlf 911 49813

[email protected]

 

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Les også

Reportasje:

SANDNESSJØEN (Journalisten): Helgelands Blad holder til i et hus fra 1920 med eget trykkeri.

STORTINGET (Journalisten:) Partiets nye mediepolitiske talsperson sier han vil legge vekt på å lytte til mediebransjeaktørene.

Forlater Rema 1000 etter mindre enn ett år.