Journalist i "På Høyden"

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist
27.10.17

Journalist i "På Høyden"

Vi har ledig ei fast stilling som journalist i nettavisa På Høyden. Vi søkjer ein person med teft, journalistisk erfaring og interesse for debatt, kunnskaps- og universitetspolitikk.

På Høyden er eit fagblad som driv fri og uavhengig journalistikk om Universitetet i Bergen og universitets- og høgskulesektoren. I redaksjonen er det to journalistar og ein ansvarleg redaktør. På Høyden blir redigert etter Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Du har:

  • Høgare utdanning eller annan relevant kompetanse
  • Erfaring som journalist
  • Særs god framstillingsevne på nynorsk og bokmål
  • Kjennskap til eller engasjement for forskings- og utdanningsspørsmål
  • Initiativ, idear og evne til å jobbe målretta
  • Erfaring med nettdesking og bruk av sosiale medium
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Varierte og interessante journalistiske utfordringar på eit breiddeuniversitet med høgt kompetente og internasjonale forskingsmiljø
  • Gode høve for fagleg utvikling
  • Lønssteg 50-60 i statens regulativ (kode 1363) etter kvalifikasjonar.
  • Eit godt arbeidsmiljø

Den som blir tilsett må rekne med noko reising.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til ansvarleg redaktør Dag Hellesund, [email protected], tlf. 91 55 42 99.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillinga her: www. jobbnorge.no

Søknadsfrist: 27. oktober 2017

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]