Den europeisk krisa er òg ei norsk mediekrise

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

For tida går Europa gjennom si største endring sidan muren fall og truleg si største økonomiske krise sidan 1930-åra. Som leiaren for Den europeiske sentralbanken (ECB) i Frankfurt Jean-Claude Trichet sa det til Der Spiegel den 17. mai: Europas økonomi «er i sin mest vanskelege situasjon sidan andre verdskrigen eller kanskje heller sidan fyrste verdskrigen.» Gjennom dei fire neste åra har Hellas lova å betre den offentlege finansbalansen med 20 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). Skulle staten Noreg gått gjennom noko liknande og teke alt som kutt, hadde det svara til at alle NAV-utbetalingar vart stogga og heile den statlege sjukehussektoren lagt ned.

Land etter land står overfor noko liknande, Italia, Spania, Storbritannia, Irland og Portugal. Alt dette skjer i det elderbylgja byrjar og etterkrigsgenerasjonen går av med pensjon. Og som ikkje dette var nok, EU-kvinnene får berre 1,5 born i gjennomsnitt, alderspyramiden er snudd på hovudet, stadig færre skal bæra stadig fleire. Trichet tek feil, skriv den britiske kommentatoren Gerald Warner: Den offentlege «europeiske økonomien har ikkje vore verre sidan 1789, ved starten av den franske revolusjon».

Tala går enkelt og greitt ikkje opp. Etter mykje å døma står vi føre ei periode med omfemnande inflasjon i kombinasjon med ei gradvis avvikling av velferdsstaten som vi kjennar han. Som Kåre Willoch sa det, og det før finanskrisa på basis av demografien åleine: «Truleg står vi ikkje føre eit styrt avvikling av velferdsstaten i store delar av Europa, men ein kollaps.»

Vi kjem til å overleva dette òg, europearane har ei fantastisk omstillingsevne og er neppe avhengige av ein omfemnande velferdsstat for å få gode liv. Men same kor vi snur og vendar på den økonomiske krisa, det er eit historisk drama av episke proposjonar som spelar seg ut framfor augo våre og uhyre interessante tider for dei av oss som har interesse for utanrikspolitikk, økonomi og historie.

Dessutan synleggjer krisa kunnskapskrisa i norske medium. Dei siste vekene har eg meir eller mindre vore limt til PC-en og særleg Facebook. FB-vener i Tyskland, England og her til lands har lagt ut lenkje etter lenkje, til bloggar skrive av sjeføkonomar i Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, til Der Spiegel, Forbes, The Economist og til dei mest obskure rapportar frå tenketankar og bankar eg knapt har høyrt om. Norske aviser har for svært mange menneske vore irrelevante og utdaterte. Som ein kjent norsk journalist resignert skreiv i statusfeltet sitt: «Jeg må bare innse det. I og med Facebook er norske aviser helt unødvendige.» Eller som ein annan sa det: «Norske medier har dekt krisen i Europa som om den er et nytt jordskjelv i Karibien.»

Det er som om alvoret ikkje har gått opp for norske redaktørar, det er som dei ikkje forstår at krisa kan føra til eit fundamentalt nytt Europa. Det er Trichet, ikkje ein eller annan galning på den ekstreme høgre- eller venstresida som seier at Europa truleg står andsynes den vanskelgaste situasjonen sidan fyrste verdskrigen, det er Angela Merkel som kjem med spådomar om at heile EU-systemet kan bryta saman, og det er den irske statsministeren som seier at tida for velferdsstaten etter mykje å døma er over. Dette er menneske med enorm makt, dei fremste representantane for det moderne Europa, den sivilisasjonen vi alle er ein så integrert del av.

Det er som om heile det norske kommentariatet er stivna i ein norsk sosialdemokratisk moralisme, lat oss for alle del ikkje taka store ord i vår munn, dette kjem nok til å ordna seg, ei lita justering her og lita justering der, og krisa går over - og vi kan venda attende til våre ordna trygge liv.

Det er berre å innsjå: Det finst knapt nok norske journalistar eller kommentatorar som spelar i den europeiske elitedivsjonen. Vi kan ikkje lenger fransk eller tysk historie, vi bryr oss ikkje, vi står på utsida og kikar inn og ser ikkje noko som verkeleg kveikar interessa. Vi manglar daning på eit heilt fundamentalt plan. Som ein tredje FB-ven og filosof skreiv på tavla mi: «Jeg tenkte i sin tid at å stå utenfor EU kunne tvinge Norge til å ta ansvar for seg selv, fatte egne beslutninger og forholde seg på en selvstendig måte til verden rundt oss. At det som foregår i Europa nå seiler i utkanten av medienes oppmerksomhet som om det angår oss på linje med urolighetene i Thailand, viser hvor feil jeg tok. Ikke det at Thailand med omland er mindre viktig enn Hellas med omland, men mindre viktig for oss.»

Mannen er elles interessert i verta kommentator, eg kan formidla kontakt.

Powered by Labrador CMS