Heidi Hjorteland Wigestrand. Foto: privat

Det var i dei tider då dunket frå ei avis i postkassen var ei storhending i utkantane

KOMMENTAR: Eg kjenner meg som ein dinosaur som høyrer meteoritten nærma seg. 45-åring valgte å slutte i Aftenbladet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ni år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

For tusen år sidan var nyhenda samla i ein raslande haug over ansiktet til ein sovande far.  Eg snuste i meg lukta av trykksverte. Fascinert strauk eg fingeren over bileta i avisa, overraska over at det ikkje fanst nokon kant der, slik det var i albumet mitt.

Då eg ein sjeldan gong var i Stavanger, kikka eg opp mot bygget der eg visste Aftenbladet heldt hus, og tenkte at der, der skal eg ein gong jobba. For meg har det aldri funnest noko anna alternativ enn å skriva, å vera journalist.

Avisa var ein bastant tyngde bak i bilen til far min då eg var med han og kjørte aviser frå Tau og innover Ryfylke. På kvar side av bilen hadde me blå skilt med ”Aftenbladet” i kvit skrift. Då fekk me kjøra fremst i bilkøen på ferjekaien.  Eg var så stolt. Det skrivne ord måtte fram.

Det var i dei tider då dunket frå ei avis i postkassen var ei storhending i utkantane. Folk las nøye og klipte gjerne ut det dei var særs nøgde med.

Og ein dag, blei det faktisk min tur til å ha noko på trykk i dei ruvande avisbunkene. Eg minnest eg stod i Suldal og kikka i retning bylandet, kor eg visste  pressa i Verksgata snart ville spy ut det eg hadde skrive. Synet av sine eigne ord i blenkande trykksverte nedover spaltene. Det tek pusten frå deg. Slike minne vil snart gå av moten, men enn så lenge finst det dinosaurar blant oss, som gøymer slikt i vårt inste.

Ein gong for 987 år sidan sprang eg ned på kaien i Sauda med filmrullar i pose. Dei skulle med hurtigbåten til Stavanger og bli til bilete på trykk i Aftenbladet dagen etter. Eg var 22 år, og hadde fått jobb på avisas lokalkontor i indre Ryfylke, kor røyret på fasttelefonen lukta mildt av herreparfymen til førre brukar i månadsvis. Her hadde eg kontordame som laga lunsj til meg, tok i mot faxar, og la avisene me abonnerte på (og dei var ikkje få)  inn på pulten min i vifteform. Og nei, eg var ikkje statsminister i tillegg, berre ein skarve bladfyk.

Dette hende i dei tider då folk skreiv handskrivne brev til journalistar dei tykte om. Somme kom også med blomar. Rista kanskje litt vatn or paraplyen før dei forsiktig nærma seg det som blei kalla sentralbordet, og bestod av opptil fleire venlege og smilande kvinner, for å spørja etter journalisten dei søkte med buketten.

Nå ligg desse lesarane i gravene sine. I dag er det avisene som spring etter lesarane med blomar, bøker og paraplyar, i pur takksemd for at nokon ennå abonnerer.

Eg reiste rundt med blokk og blyant og skreiv langt og nynorsk om gamle folk i aude dalar. Fotograf blei sendt inn frå Stavanger. Det var ikkje veldig kult, somme sa likevel eg hadde ein god penn, for eg hadde jo ennå ein fot i blekkhuset, sjølv om sakene blei til i flimrande grøn skrift på lunefulle tandbergmaskinar. I dei dagar reiste datafolka rundt. Det hende jamvel dei måtte overnatta om problemet var stort.

Internett var berre ein halvtenkt tanke på andre sida av Atlanteren. Hjå oss kvein og blinka modema infernalsk kvar gong ein ville senda nokre bokstavar til hovudbølet i byen.

Hasta det veldig, hadde fotografen ein mastodont med seg frå byen som han riksa inn på eit knøttlite, mørkt toalett, for å kalla bilete fram og senda i ein slags fart.

Åra gjekk, kontordama og filmposane forsvann. Eg fekk mobiltelefon som det gjekk an å løfta, men som ikkje virka. Ennå nokre år gjekk, internett kom, utan at det skjedde så mykje av den grunn. Me skreiv og skreiv for å fylla avissider så store som stovebord. Det var kjekt, men travelt. Somme gonger kjedelig, men eg ville ikkje ha bytta jobb for alt i verda.

Og til slutt fekk eg ein mobiltelefon som eg både kunne snakka i og ta bilde med, og gjera lydopptak. Før hadde me berre måpt då ein av avisbransjens klarsynte, kloke menn hadde sagt at me snart ville gå rundt med eit snekkerbelte av utstyr. Han fekk rett, men beltet var langt smekrare enn det eg hadde sett for meg.

Eg reiste framleis rundt, nå tok eg det meste av bileta sjølv og drista meg også til ein og annan halvslarven filmsnutt. Til nettet. Me må jo ha noko til nettet, blei stadig oftare omkvedet. Eg som før hadde likna avisa med ei løve som kvar dag var like svolten, gjekk litt tom for samanlikningar i møte med det uendelege. Men det var kjekt. Kjekt å få klikk. Kjekt å kjenna pulsen slå, vera først ute når noko særs stod på. Å nå ut i ein fart. Å bli publisert i staden for trykt. Å flimra forbi mens ein før var hogd i stein.

Der slutta det. Korleis er det mulig å føla seg så gamal, og berre vera 45 år?

Eg kjenner meg som ein dinosaur som høyrer meteoritten nærma seg.

Eg valde å slutta i avisa som har følgd meg heile livet, og som alltid vil ha en stor plass i hjartet mitt. Av fri vilje og fylt av takksemd for at eg fekk vera med.  For eg kjenner grensene mine. Alle eignar seg ikkje på tv. Somme finst ikkje kule. Og eg er uroleg for framtida til bransjen. Av og til står eg og ser opp mot det gildt opplyste avisbygget, så fullt av liv og aktivitet døgnet rundt, så mykje flottare enn det eg kikka opp mot som jentunge, og eg vonar av heile mi sjel at det ikkje er Titanic eg ser.

Med opptil fleire isfjell på veg, valde eg som så mange andre, å bli frilansar.

Etter månadar i morsbobla, har den nye kvardagen omsider byrja å siga inn. Somme dagar kjenner eg ei kriblande spenning.

Då ser eg eit fritt og godt liv, der det berre er å plukka ord og pengar rett ut or loftsveggen, kor eg sit og skriv med sovesveis og morgonkåpe, men utan feriepengar og betalt kaffi.

Andre dagar ser eg eit slitsamt laushundliv, kor du må skrapa på dører du knapt visste eksisterte, på jakt etter stadig magrare kjøtbein.  Jaga vekebladkroner for blodfattige skridringar på bokmål. For ja, i dette livet må eg kanskje trø ut or mine godt inngådde nynorskskor, på terskelen til ei heilt ny verd, kor bokmålet rår.

Aldri lett å dansa i nye, stive skor, og kor mange mord tåler ei kvinne som les vekebladet Hjemmet? Til nå har eg ikkje klart å knekka koden. Mine novelleframstøyt mot nemnde blad har bokstaveleg tala falle steindaude til jorda.

Men ein frilansar som ikkje vil stå på, selja seg og ta lange reiser ut or komfortsona kvar dag, kan berre pakka saman. Det lærte me nyleg på frilansarkurs i Fredrikstad.  Om eg får leva og ha helsa, har eg så visst ikkje tenkt å gi meg. Skriving er for meg like viktig som å pusta. Eg likar å fortelja historiar frå a til å. Røyrsystemet dei går i gjennom, veit eg ikkje lenger så mykje om, men eg vil fortelja, samla folk rundt leirbålet.

Og noko har ikkje endra seg i mi tid som journalist, same kor digitale me er blitt. Folk likar å lesa om folk, anten tårene dryp på papir eller mobilskjerm. Så her er det ikkje anna å gjera enn å få seg ein fotograf og jakta skjebnar i dei mest avsidesliggjande bygder. Det er jobb for ein dinosaur.

Men i harde tider som nå, kan ein risikera at ein annan nyklekt frilansar har tømt kjelda rett før du kjem.

Då gjeld å stå heilt stille i skogen ei lang stund og berre halda ut, til dei andre har gitt seg.

Ei tid er forbi, nå er ikkje noko forbi. Det er knapt begynt.

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS