Kull 41: Frå venstre: Katarina Trymsdatter Vatnvåg, Ann Beate Eikås Hovland, Andreas Vatne, Åsne Margrete Kleiv og Malene Laura Solheim.

MEDIEFOLK:

Fem nye praktikantar klare for Nynorsk mediesenter

– Nokre av dei har noko journalistisk erfaring, medan andre startar nesten på berr bakke, seier leiar for NRK Nynorsk Mediesenter.

Publisert Sist oppdatert

– Det er gledeleg å ha tilsett eit kull med stor geografisk variasjon. Nokre av dei har noko journalistisk erfaring, medan andre startar nesten på berr bakke. Uansett har alle verdifull kunnskap og erfaring med seg, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, i ei pressemelding.

Frå ein søknadsbunke på 43 kandidatar skal fem kandidater ta fatt på det seks månadar lange praktiske løpet: Åsne Margrete Kleiv, Ann Beate Eikås Hovland, Malene Laura Solheim, Andreas Vatne og Katarina Trymsdatter Vatnvåg.

– Ein tidlegare praktikant har skildra opplæringa som ei berg- og dalbane som du vil stå i kø for å ta om att. Det trur og håpar vi kjem til å gjelde for denne gjengen også, seier Lillesvangstu.

Dette blir kull nummer 41 ved NRK Nynorsk mediesenter

Powered by Labrador CMS