Offentleggjer kjeldene

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I desse Kjøll og Hagen-tider: Eg har berre arbeidt i mindre aviser og såleis hatt lite med informasjonsbransjen å gjera, men éi soge har eg òg. Våren 2007 gjorde regjeringa framlegg om at Noreg skullle hastekjøpa nye Hercules-fly – C-130J som dei vart kalla – frå Lockheed Martin; vi trong betre og sikrare fly i Afghanistan, og kostnaden var sett til tre milliardar. Airbus hadde òg vore med i bodrunden, men kunne ikkje levera nye fly i tide, sa Forsvarsdepartementet. Den 23. april stod fylgjande overskrift i VG: «Norges nye transportfly kan være farlige». Same dagen fekk eg eit notat opp i redaksjonen; eg veit ikkje kven det var som sende det.

Notatet var ei oppramsing av alt som var gale med C-130-j, og dessutan, vart det hevda, var det ikkje naudsynt med nye fly før om nokre år, og i 2010 ville nett Airbus ha klart eit mykje betre fly, A400M. Notatet hadde korkje avsendar eller open forfattar, men det synte seg raskt at forsvarskomiteen og ei rekkje andre på Stortinget satt på notatet, og at det var informasjonsbyrået Gambit som stod attom.

Vi på vår side sende skrivet vidare til kontreadmiral Jørgen Bergrav i Forsvarsdepartement, som sjølvsagt slakta det – byråkratane i Forsvarsdepartementet veit at prisen for å vera alliert med USA, er å kjøpa amerikansk forsvarsmateriell. Når det er sagt: Bergrav påviste òg at notatet hadde fleire faktafeil.

Etter dette ringde eg VGs nyhenderedaktør Helje Solberg og viseadministrerande direktør i Airbus, Richard Thompson. Eg spurde Thompson kvifor dei planta historier i norsk presse i staden for å deltaka i eit ope ordskifte; han svara at departementet nekta å lytta til vit og at dei difor måtte nytta seg av informasjonsbransjen og dei kontaktane Gambit hadde. Solberg vedgjekk at VG hadde fått saka frå Gambit og at dei godt kunne ha oppgjeve at dei hadde fått saka frå byrået. At VG hadde late seg unytta i ein lobbykamp, var ho sjølvsagt ikkje samd i.

Eg har lese VG i åra etter og har enno ikkje sett at VG har fortalt lesarane at dei har fått noko som helst frå eit informasjonsbyrå. Seinare fekk eg vita at ein av personane bak notatet var tidlegare Sp-rågjevar på Stortinget, Ole Morten Geving. Kort tid etter slutta han i Gambit for å verta statssekretær i Finansdepartementet.

Etter dette har eg vore særleg fascinert av norsk presses dekning av militære innkjøp, og vil eg påstå: Eg har vorte såpass kunnig at eg veit på førehand kva fleire av journalistane og kommentatorane kjem til å meina. Det er nokså tydeleg at dei held seg med kvar sine informasjonsbyrå, eller helst: At informasjonsbyrå held seg med dei.

Sjølv om Solberg sa at dei godt kunne ha oppgjeve at dei hadde fått saka frå Gambit og dimed Airbus, kvifor skreiv ikkje VG det, og kvifor fortel dei ikkje lesarane sine at dei får svært mykje stoff frå informasjonsbransjen? Svaret er nokså innlysande: Av di dei er redde det kan øydeleggja VGs truverd. «Vi har fått denne saken frå Gambit og deres informasjonsmedarbeider Ole Morten Geving, som har hatt verv i Senterparitet og derfor er en verdifull lobbykontakt for Lockheed Martins konkurrent Airbus, som betaler Gambit store penger…» Nei, det hadde ikkje sett bra ut.

Min påstand er likevel at norske journalistar gjennom Ver varsam-plakaten bør verta pålagde å gje opp informasjonsbransjen som kjelde. Ja, vi bør sjekka så godt råd er om det dei fortel oss, er sant og truverdig, men sanninga er òg at vi altfor ofte ikkje har kapasitet til å gjera det. Om lesaren eller sjåarane heilt til slutt i ein artikkel eller reportasje får vita at eit eller anna informasjonsbyrå eller ein eller annan informasjonsarbeidarar har kome med informasjon eller tips i saka, så kjem dei til få eit meir realistisk tilhøve til det dei har vorte fortalde.

Informasjonsarbeidarar får godt betalt for evna si til å få tak i skattepengar eller syta for at meir eller mindre kompetente politikarar vert attvalde. Informasjonsbransjen er ikkje ei svak gruppe som treng kjeldevern. Som det står i Vær varsam-plakaten: «Den enkelte redaksjon og den enkelte medarbeider må verne om sin integritet og troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhold.» Dagslys plar vera den beste metoden for å få til slikt.

Det lønte seg ikkje for Airbus å kjøpa Sp-kontakten. I Stortinget vinn USA kvar gong. Notatet frå Gambit sa òg at A400M skulle verta klårt i 2010. Sist eg sjekka, skulle Airbus kanskje byrja produksjonen i 2012.

Powered by Labrador CMS