Deskleiar

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist
15.01.17

Deskleiar

Gruppekoordinator

Ved Kommunikasjonsavdelinga er det ledig ei fast stilling som deskleiar for den nye, sentrale desken til UiB; Gruppe for desk og fakultetsstøtte.

Desken skal produsere tekstar, bilete og redaksjonelt innhald, og desksjef har ansvar for å prioritere og koordinere stoff til UiB sine interne og eksterne hovudkanalar på nett, i sosiale medium og til sentrale trykksaker. Desken skal i tillegg drive generell mediekontakt, arbeide for at UiB er synleg i eksterne medium og støtte universitetsleiinga i mediestrategiske spørsmål.

Gruppe for desk og fakultetsstøtte er organisert med medarbeidarar i sentral desk og fakultetsrådgjevarar stasjonert på fakulteta. Deskleiar/gruppekoordinator rapporterer til seksjonssjef og kommunikasjonsdirektøren i det daglege arbeidet.

Deskleiar skal:

  • Ha eit særleg ansvar for å koordinere drift og drive redaksjonell utvikling av UiB sine digitale og trykte kommunikasjonskanalar internt og eksternt
  • Ha dagleg arbeidsleiing av tilsette i sentral desk
  • Koordinere stoffproduksjon og medieinnsal saman med fakultetsrådgjevarane
  • Utvikle UiB sin mediekontakt nasjonalt og internasjonalt
  • Kommunikasjonsrådgjeving til universitetsleiinga og sentrale einingar
  • Være ein del av Kommunikasjonsavdelinga si operative beredskapsgruppe

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Takle høgt tempo og evne til oversikt
  • Kjennskap til UiB vil være ein fordel
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 62 – 68 (for tida kr 535 900 – kr 598 200) i det statlege lønsregulativet (høgare løn kan vurderast for særs kvalifiserte søkjarar)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kommunikasjonsdirektør Ingar Myking [email protected], tlf 971 55 134 eller underdirektør Mathilde Holm, [email protected], tlf 455 15 304.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å gå ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen her

Søknadsfrist: 15. januar 2017

 

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
24.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
25.09.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
01.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
02.10.2017
Søknadsfrist
06.10.2017
Søknadsfrist
06.10.2017

Les også

Presenterer undersøkelse om viktigste medium for velgerne og partiledernes aktivitet i sosiale medier. Sending fra klokken 17.

Men behandlingen av klagen skal skje bak lukkede dører.

Morgenrutinen:

Mener prioritering av kvalitetsjournalistikk er største utfordring for mediebransjen nå.