Ei skam for norsk journalistikk

Ei skam for norsk journalistikk

Som den einaste avisa i Norge har vi i Friheten analysert det internasjonalt mykje brukte begrepet «Rural Exodus», som kort kan definerast slik: Den multinasjonale matvarekapitalens systematiske kampanje for å legge under seg den beste matjorda i verda – ved hjelp av USA-dominerte økonomiske organisasjonar som Verdensbanken og WTO – og ikkje minst ved å infiltrere media, slik at dei driv kampanjar mot landsbygda, sjøleigarbøndene og bonde-kooperasjonen.

Berre få norske media er berørt av eigarskap frå matvarekapitalen. Dagbladets forhold til Orkla er det mest markante – og ei stund var denne innverknaden nokså påtrengande i Dagbladets spalter, med raljering over matvareprisane, opphaussing av svenskehandelen, påstandar om at norske landbruksvarer er «helseskadelege», omfamning av rovdyr-ekstremismen og ikkje minst massiv trakassering av livet på landsbygda i brei forstand.

Dette har nå blitt litt betre i Dagbladet. Korfor er det vanskeleg å vite. Men VG, NRK og Dagens Næringsliv held fram med kampanjane mot norsk landbruk. For desse botnar ikkje kampanjen så mykje i eigarskap frå matvarekapitalen, som i hemnlyst på grunn av to tapte folkerøystingar om EU.

I det siste har vi fått ganske sensasjonelle avsløringar som viser at propagandaen ikkje alltid går så glatt gjennom som Rural Exodus-media trur. Først til den bløffen som det amerikanske privat-finansierte (gjett av kven!) «forskingsinstituttet» CGD prøvde seg på: Å hevde at Norge ikkje burde dyrke sin eigen mat, da det var til stor skade for økonomien til u-landa. Dagbladet var forsiktige med denne påstanden; men resten av Rural Exodus-pressa – inkludert Dagsavisen og Nordlys – gjekk fem på. Det samme gjorde NORAD-bladet Bistandsaktuelt og forskaren (?) Bjørne Grimsrud. Vi som har arbeidd med slike saker ei stund, veit at dette er blank løgn, og både Helene Bank og underskrivne har gjort grundig greie for årsakene til dette i Friheten. Thomas Vermes hadde ein klargjerande artikkel i Nationen 27. mai. I Nordlys vart redaktør Oddvar Nygård elegant «mosa» av Senterungdommens Helga Anette Melhus, slik at han aldri klarte å få pusten igjen.

Men kva gjer hovedparten av norsk presse? Dei let som ingen ting. VG, Dagens Næringsliv og NRK let som om denne saka aldri har blitt avslørt. Og om ikkje lenge kjem dei nok med neste bløff frå den rikelege floraen av «forskingsinstitusjonar» i Rural Exodus’ teneste, slike som CGD. Denne kampanjen er løgnaktig, fordi dei journalistane som driv med dette, veit så altfor vel at «opplysningane» er falske.

Så til eit internasjonalt trekk ved Rural Exodus: Voldsomme kampanjar for lågare matvareprisar, noko som i alle land berre kan gagne industrijordbruket. Her om dagen offentleggjorde Nationen ei MMI-undersøking som viste at 55 prosent av nordmennene trur at vi brukar over 20 prosent av inntektene til mat. Av desse igjen trur 17 prosent at vi brukar mellom 30 og 40 prosent, og 11 prosent trur at vi brukar meir enn 40 prosent til mat.

Som kjent brukar nordmenn 11,9 prosent av inntektene til mat. Og da er også colaen rekna med.

Korleis kan vi få slike vanvittige utslag i opinionen som dette? MMI-direktør Erik Dalen svarar med tidenes understatement: «Det kan godt hende at matpris-debatten og fokus på svenskehandelen bidrar til å øke folks følelse av at maten er dyr.»

Kanskje det, ja. Men kva med pressefolks mange æreskodeksar og oppskrytte sjølvørdnad i den samanhengen. For det kan vel ikkje vere tvil om kven som har ansvaret for løgnene?

Så skulle ein tru at storparten av det norske folket gjerne ville bli kvitt landbruket, etter ein så massiv og grovt misvisande kampanje over mange år. Har det norske folket akseptert Rural Exodus som «uavvendelig»?

På ingen måte. Tidlegare i mai vart folk spurt om viljen til å ta vare på norsk jordbruk. Svaret var så overveldande positivt at til og med jordbruksorganisasjonane fekk hakeslepp: 80 prosent av den norske befolkninga svara ja til å behalde norsk jordbruk «minst på dagens nivå».

Det var litt av ein kalddusj for både Carl I. Hagen, den multinasjonale matvarekapitalen, og den store skaren av pressefolk som gjer sitt ytterste for å tene desse to herrane.

Men kva med den norske journalist-standens rykte? Er det nok å surfe på makta over redaksjonane, eller må kravet om sannferdige reportasjar omsider begynne å gjelde også for norske medias behandling av landbruket? Skal norske journalistar, som etter eigne utsagn aldri stemmer FrP, halde fram med å vere Hagens aller nyttigaste idiotar?

Denne artikkelen går først og fremst til bladet Journalisten. Eg tvilar på at den får plass der. Etter mi røynsle er sjansen for avvisning av ein artikkel i dei maktberande media proporsjonal med artikkelens relevans.

Annonser

Ledige stillinger:

Les også

Flertallet i utvalget følte med klager, men VG fikk bare mindretallet mot seg. 

Men fikk påtale for argument om at feil og mangler skyldtes at redaksjonen hadde hatt dårlig tid.

Mathias Fischer skriver om politikk, selv om han ikke skulle det. PFU gir Bergens Tidende kritikk.