Mediefolk:
– Framtida.no er ein unik arbeidsplass med dyktige og engasjerte journalistar, som eg gler meg stort til å koma tilbake til og utvikla vidare, seier Andrea Rygg Nøttveit.
Foto: Privat
Andrea Rygg Nøttveit tar over som ny redaktør i Framtida.no
– Handlar om å gje ei stemme til dei unge og auke nynorskdelen på internett.
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Andrea Rygg Nøttveit startar som redaktør for den nynorske nyhende- og debattavisa for unge 1. april, skriv avisa i en pressemelding.
– Eg har stort engasjement for Framtida-prosjektet, som handlar om å gje ei stemme til dei unge og auke nynorskdelen på internett, seier påtroppande redaktør i pressemeldinga.
Nøttveit har vore tilsett i Framtida sidan 2013. Den gong vart ho tilsett som språkjournalist, før ho seinare vart redaksjonsleiar for Oslo-kontoret. Etter eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i Grønn Byggallianse, søkte ho seg attende til redaksjonen som redaktør.
– Framtida.no er ein unik arbeidsplass med dyktige og engasjerte journalistar, som eg gler meg stort til å koma tilbake til og utvikla vidare, seier Nøttveit.
Nøttveit tek over stillinga etter Svein Olav B. Langåker, som er tilsett som dagleg leiar i Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Han held fram som redaktør for Framtida Junior.
Det er LNK som driv Framtida.no og Framtida Junior i samarbeid med ABC Startsiden.
Nyheitsleiar Bente Kjøllesdal er konstituert som redaktør for Framtida.no fram til 1. april.
Nylige artikler
Hva har KI-eksperten egentlig gjort?
Tale er sølv, å gjenta hva andre har sagt, er tull
Åpent svar fra Norsk Redaktørforening
Rustad forteller om møte med redaktørforeningen
Håver inn med frivillig betaling. Men modellen passer trolig ikke i Norge
Mest leste artikler
NRK etter KI-funn: – Kan ikke utelukkes
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Drastisk fall for Dagbladet – mistet 25 prosent av leserne
Hvordan dekke en redaktør som bryter alle normer?
NRK ba ansatte slutte å strømme gravferden på nettet