Mediefolk:

Sølve Rydland, som vaks opp i Knarvik, har jobba i NRK sidan 2005.
Sølve Rydland, som vaks opp i Knarvik, har jobba i NRK sidan 2005.

Sølve Rydland er ny ansvarleg redaktør i Avisa Nordhordland

– Eg har lese avisa sidan eg var liten.

Publisert Sist oppdatert

Sølve Rydland (37) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, skriv Amedia i ei pressemelding.

Han kjem frå stillinga som redaksjonssjef og politisk kommentator i NRK Vestland, og vil tiltre i stillinga 15. august.

– Eg har lese avisa sidan eg var liten, og har stor tru på at me kan laga ei avis som kan spela ei endå viktigare rolle i lokalsamfunnet, seier Rydland.

Rydland, som vaks opp i Knarvik, har jobba i NRK sidan 2005. Frå 2018 har han vore redaksjonssjef og politisk kommentator. Først i NRK Hordaland, seinare i NRK Vestland.

Han er utdanna ved universitetet i Bergen og har ei bachelorgrad i samanliknande politikk. Han har også vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter.

– Eg brenn for den gode lokaljournalistikken, og ser verkeleg fram til å komma heim til Nordhordland for å vera med på å utvikla avisa, seier Rydland.

Styreleiar i Avisa Nordhordland, Svein Atle Huus, er svært glad for at Rydland har takka ja til jobben.

– Med hans solide erfaring innan journalistikk og redaksjonell leiing, klare tankar om korleis han vil utvikle avisa vidare og hans store engasjement for Nordhordland som region, så har eg stor tru på at han vil lykkast med å løfte Avisa Nordhordland vidare og ytterlegare styrke avisa sin posisjon i regionen.

Powered by Labrador CMS