En overrasket Avisa Oslo-klubbleder tar imot prisen.

«Årets klubbleiar» er Eirik Løkkemoen Bjerklund

NJ-tillitsvalgt hedret under festmiddag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Under feiringen av Norsk Journalistlags 75-årsjubileum onsdag kveld, ble hedersprisen «Årest klubbleiar» delt. Og årets prisvinner er Eirik Løkkemoen Bjerklund, journalist og tillitsvalgt i Avisa Oslo.

– Jeg hadde ingen planer om å si noen ord i dag ... så, tusen takk! sa en overrasket vinner da han fikk prisen av NJs lederduo Dag Idar Tryggestad og Hege Fagerheim.

Juryens begrunnelse:

Korleis blir ein klubbleiar? Ein engasjerer seg, seier ja til eit verv og er viljug til å ta ansvar på vegne av andre. Gjer ein det på ein god og tillitvekkjande måte blir ein kanskje ein vakker dag kontakta av ei valnemnd med beskjed om at nettopp du er den rette til å snakke på vegne av alle. Ein går på årsmøte og tek over stafettpinnen frå ein annan. Den stafettpinnen inneheld mellom anna ein lokalavtale, som er full av goder klubben har jobba hardt for, og som har gått gjennom utallege vekslingar gjennom mange år. Med andre ord: ein sluttar seg til rekkja av klubbleiarar og ein får utdelt ein heil del arvegods når ein tiltrer eit slikt verv.

Årets vinner har blitt klubbleiar på ein heilt annan måte. Det var ingen klubb å engasjere seg i. Ingen valkomité som tok kontakt og lokka med eit meiningsfullt verv. Ingen avtroppende klubbleiar som kom springande verken med lokalavtale, eller stafettpinne. Årets klubbleiar har gjort noko så sjeldan som å starte med blanke ark. Han var nytilsett journalist i eit nystarta mediehus, med heilt nye kollegaer og ferske redaktørar. I ein sånn situasjon ville det ikkje vore unaturleg å bruke all tid på å markere seg som journalist og først og fremst tenkje på seg sjølv og sin eigen karriere. Vår vinnar valde å stikke hovudet fram og stille krav om ordna arbeidsforhold og tariffavtale.

Vinnaren førte an, saman med fleire andre, i ein ganske seig prosess for å få på plass lokalavtale. Det lukkast dei med, etter seks månadar. Vår vinner har også lagt ned ein solid innsats for å bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Så, om nokre år, kan vinnaren levere stafettpinnen vidare og glede seg over at den lokalavtalen han fekk på plass i Avisa Oslo, kan bli vidareført til ei lang rekkje framtidige klubbleiarar. Det er ikkje mange tillitsvalde som etterlet seg ei så verdifull arv. Årets klubbleiar er Eirik Løkkemoen Bjerklund.

Powered by Labrador CMS