Mediefolk:

– Eg brenn for å gjere dei smått utilgjengelege prosessane i norsk politikk og utanrikspolitikk tilgjengeleg for vanlege folk, seier Emil André Erstad.

Emil André Erstad blir ny kommentator i Vårt Land

– Erstad vil bidra med unik kompetanse frå innsida av norsk politikk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Emil André Erstad er tilsett i nyoppretta stilling som kommentator i Vårt Land, skriv avisa i en pressemelding.

29-åringen kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. Han har òg bakgrunn som leiar for KrFU og rådgjevar for Knut Arild Hareide, men melde seg ut av KrF i januar i fjor.

– Emil André Erstad har unik erfaring frå politikkens bakrom. Vi er sikre på at han vil bidra til å forklare lesarane våre korleis pølser og politikk blir laga, seier Vårt Lands sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore.

– Han er kunnskapsrik på om både europeisk og norsk politikk, og har over lang tid vist fram ein veldig skarp penn. Han kjenner breidda i det kristne Norge særs godt. Han kan mykje om menneskerettar, religion og andre viktige tema for Vårt Land.

I 2016 gav Erstad ut boka Farvel, Syria.

I Vårt Land vert Erstad kommentator på heltid. Han startar i stillinga før sommaren og skal ha kontor i Hardanger. Han vil òg vere ein del til stades i Oslo, skriv Vårt Land i pressemeldinga.

– Eg brenn for å gjere dei smått utilgjengelege prosessane i norsk politikk og utanrikspolitikk tilgjengeleg for vanlege folk. Kva verdiar og menneskesyn som pregar politikken. Eg er overtydd om at kvalitetsjournalistikk og godt kommentarstoff er avgjerande i den tida vi lever i. Jobben som kommentator i Vårt Land er derfor på mange måtar draumejobben, seier Erstad i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS