Mediefolk:

Eirin Tjoflot, Emilie Waaler og Christian Breidlid skal jobba på direktedesken i NRK.
Eirin Tjoflot, Emilie Waaler og Christian Breidlid skal jobba på direktedesken i NRK.

Disse får fast jobb i NRK Nyheiter

Emilie Waaler, Eirin Tjoflot og Christian Breidlid til direktedesken.

Publisert Sist oppdatert

Emilie Waaler (28), Eirin Tjoflot (27) og Christian Breidlid (32) blir ein del av det faste laget på direktedesken i NRK Nyheiter.

Breidlid er tilsett som visuell journalist og skal inn i gruppa som jobbar med visuelle nyheiter til NRKs digitale flater. Waaler og Tjoflot skal fylle rollene som nå-journalistar og skal dekke løpande nyheiter.

Redaksjonssjef i NRK Direkte, Kari Stokke Nilsen, opplyser i ei pressemelding at det var 39 søkjarar til nå-stillingane og 38 søkjarar til stillinga som visuell journalist.

– Vi er glade for å ha sikra oss disse tre sterke kandidatane i ein arbeidsmarknad der det er kamp om talenta. Det viser at NRK er ein attraktiv arbeidsplass, seier Nilsen i pressemeldinga.

Erin Tjoflot er i dag vikar i redaksjonen.

– Ho har på kort tid blitt ein veldig stødig og habil nå-journalist som meistrar dei fleste oppgåver, fortel redaksjonsleiar for nå-journalistikk i NRK Direkte, Simon Solheim.

– Eirin har stor motivasjon og er svolten på å utvikle seg som journalist. Ho er allsidig, trygg og kunnskapsrik, og ho jobbar godt og presist sjølv om arbeidspresset er stort og tempoet høgt

Tjoflot er utdanna lærar, har bakgrunn frå lokalavis og har vore praktikant på NRK Nynorsk mediesenter.

– Eirin er idérik og kreativ og elskar å lære nye ting, seier Solheim.

Emilie Waaler kjem frå stillinga som breakingreporter for TV2.no. Ho har tidlegare arbeidd som vikar i NRK Direkte. Waaler er utdanna journalist og har også bakgrunn frå lokalmedia og Dagbladet.

– Ho er ikkje berre ein god breakingjournalist, for ho har også ei unik evne til å finne unike saker og «snakkiser». Ho har alltid noko på gang på rolege dagar. Emilie er ein som fangar opp trender og kjem over saker som treff både ungt og breitt. Og så elskar ho å vinne push. Dei raske fingrane hennar gjer at vi ofte er først, seier Solheim.

Christian Breidlid blir fast visuell-journalist i digitalreportergruppa. Han skal både jobbe med breaking-journalistikk og eigne idear. Breidlid har mellom anna erfaring frå Dagens Næringsliv, Bergens Tidende, Klassekampen og Aftenposten. I dag er han ein del av dokumentarbyrået Paragon Features.

Breidlid har tidlegare blitt kåra til «Årets nykommer» i både foto- og video-kategoriene under «Årets bilde»-utdelinga.

– Christian er eit fotojournalistisk talent og ein historieforteljar som vi er utroleg glad skal bli ein del av gjengen vår, seier Maria Knoph Vigsnæs som er redaksjonsleiar for visuell-journalistikk i NRK Direkte.

Breidlid er utdanna kunstfotograf og spissa seg deretter inn mot nyheiter med ein bachelor i fotojournalistikk frå Oslo Met.

Powered by Labrador CMS