– Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten i Medietilsynet.
– Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten i Medietilsynet.

Pressestøtte til radio

Lokalradioar får åtte millionar i støtte

4,4 millionar kroner går til å dekke utgiftene lokalradioane har med å sende på DAB.

Publisert

Medietilsynet fordeler 8,2 millionar kroner i støtte til lokalradioane, der 4,4 millionar kroner går til å dekke utgiftene lokalradioane har med å sende på DAB, skriv tilsynet i ei pressemelding.

– Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, i pressemeldinga.

Totalt har radio- og tv-kanalane i år fått 21,6 millionar kroner frå Medietilsynet, etter at lokale radio- og tv-kanalar tidlegare i år fekk 13,4 millionar kroner i støtte til programproduksjonar og digitalisering av lokalradio.

– Støtteordninga til lokale lyd- og bildemedium skal bidra til å halde ved lag eit sterkt mangfald av lokalradioar og lokal-tv og hjelpe lokalradioane med å nå ut til fleire lyttarar med DAB-sendingar, seier Sekkelsten.

Powered by Labrador CMS