Debatt:

– At saka var journalistisk behandla, også med ein kritisk og nyansert kommentar frå vår sportskommentator Jan Petter Saltvedt, ser Omdal heilt bort frå, skriv NRK-redaktør Knut Magnus Berge.

Passa kanskje ikkje inn i bildet som skulle teiknast?

Svarer på Northug-kritikk frå Sven Egil Omdal.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Forrige helg omtalte Dagsrevyen - som alle andre riksmedier i Norge - Petter Northugs julevideo. Det har falle mediekommentator Sven Egil Omdal tungt for brystet.

I polemiske ordelag svingar han pisken over Dagsrevyens «julegave» til Northug. Som om Dagsrevyen helt ukritisk har lagt ut videoen til publikum. At saka var journalistisk behandla, også med ein kritisk og nyansert kommentar frå vår sportskommentator Jan Petter Saltvedt, ser Omdal heilt bort frå. Det passa kanskje ikkje inn i bildet som skulle teiknast?

Så kan ein jo meine at vi aldri skulle omtalt videoen. Der er vi i så fall usamde. Petter Northug er eit nasjonalt ikon. Nettopp det at han vel å lage ei slik video - så kort tid etter avsløringane av råkøyring og narkotikamisbruk - vurderte vi at var verd ei kritisk analyse.

Ei vurdering vi ser ut til å dele med alle riksdekkende medier i landet.

Powered by Labrador CMS