Dei nye praktikantane (frå venstre) Hedda Kurseth, Synne Sandven, Annvor Seim Vestrheim, Oda Bjønnes Hanslien og Ingrid Turtum.

MEDIEFOLK:

– Desse er vi trygge på er motiverte og klare for å bli nynorskbrukande journalistar

Av dei 38 søkjarane er fem praktikantar plukka ut til å danne kull 38 på NRK Nynorsk mediesenter.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Når kull 38 no er tilsett har totalt 190 personar vore gjennom det seks månadar lange opplegget sidan oppstarten i 2004, skriv NRK Nynorsk Mediesenter i ei pressemelding.

– Desse er vi trygge på er motiverte og klare for å bli nynorskbrukande journalistar. Dei har spennande bakgrunnar, er godt samfunnsorienterte og har eit engasjement i botn. Det er noko av det vi ser etter når vi intervjuar aktuelle kandidatar, seier leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, i pressemedlinga.

Her er praktikantane:

Hedda Kurseth (fødd 2000), frå Sykkylven i Møre og Romsdal.

Kurseth har ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og ho studerer no TV-produksjon same stad. I studietida har ho vore aktiv i både studentavisa Studvest og studentradioen i Bergen. Sist sommar var ho tilsett i avisa Nyss, som dekkjer Sykkylven og Stranda.

Synne Sandven (fødd 1995), frå Sykkylven i Møre og Romsdal.

Sandven har ein bachelorgrad i midtaustenstudiar og arabisk frå Universitetet i Oslo, og i samband med det har ho vore på utvekslingsopphald i Kairo. Ho har studert marknadsføring og salsleiing, og har mykje erfaring frå arbeid på kafear og barar i Oslo. Dei to siste åra har ho også arbeidd som direktetekstar, og her har ho teksta tv-program på direkten, lest korrektur og førehandsteksta program, i Biovisjon og NRK.

Annvor Seim Vestrheim (fødd 1995), frå Voss i Vestland.

Seim Vestrheim leverte frå seg masteroppgåva om incels denne hausten. Med det avslutta ho eit seks år langt opphald i Canada, med studiar i statsvitskap ved Quebec Universitetet i Montreal. Ho har også ein bachelorgrad i fransk frå Universitetet i Bergen, og i studietida her var ho engasjert i studentradioen. Frå 2021 har ho arbeidd som konsulent i helse- og miljøavdelinga i Oslo kommune.

Oda Bjønnes Hanslien (fødd 2000), frå Tananger i Rogaland.

Bjønnes Hanslien har ein bachelorgrad i journalistikk frå Universitetet i Stavanger. Gjennom studia har ho hatt praksis i avisa Ryfylke, der ho fekk nytte nynorsk. Ho har også hatt praksis i Stavanger Aftenblad i Byas-redaksjonen, og i tillegg vore sommarvikar og vikar i ulike redaksjonar i same avis.

Ingrid Turtum (fødd 1996), frå Vågå i Innlandet.

Turtum går frå lærarjobb i Oslo-skulen til NRK Nynorsk mediesenter. I tillegg til lærarutdanning frå NTNU har ho også studert statsvitskap same stad. Ho har vore engasjert i målungdomen, Røde Kors og vore leksehjelp i Flyktinghjelpen. Ho har også ein periode bak seg i Vågå kommunestyre for Arbeiderpartiet.

Kull 38 byrjar på opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde måndag 2. januar. Dei skal vere ferdige med halvåret som praktikantar i slutten av juni 2023.

Powered by Labrador CMS