Fotojournalist Elias Dahlen i Hallingdølen både skriver og fotograferer til sakene han lager, men fotoutstyret tar selvsagt mest plass. Foto: Elias Dahlen

MITT UTSTYR: Aller helst vil Elias Dahlen fotografere menneske som «driv med litt sære greier»

– Betre kan det ikkje bli.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I spalta «Mitt utstyr» spør Journalisten norske fotojournalistar kva dei har i kamerabagen.

Elias Dahlen er fotojournalist i Hallingdølen, ein jobb han har hatt sidan juni.

Her kan du lese om kva andre fotografar har med i bagen.

– Kva har du i kamerabagen?

– I den «store» fotosekken har eg to kamera, eit Nikon D750 og eit D600. Optikk er ein 35mm, som eg bruker desidert mest, 70-200mm, 50mm og 85mm. Eg har også ein 20mm men den bruker eg berre når eg må. Helst liker eg å ikkje gå vidare enn 35mm, men nokon gonger så må ein det.

– I tillegg har eg ein blits med kabel og softbox, pluss radiosendarar, men dei brukast sjeldan. Ekstra batteri, lader, minnekort og to variable ND-filter, som er bra når ein filmar og ikkje vil bruke høg blendar. Og sjølvsagt penn og papir. Eg skriv jo sakene sjølv, så det må ein ha.

– Men det er sjeldan alt dette er med, eg har to mindre bagar som eg hiv oppi det eg treng. Og på kontoret ligg det myggar og mikrofonar. I bilen har eg ekstra klede og sko, då er eg førebudd på slags vær. Når vinteren kjem er det sikkert greitt å ha ski tilgjengeleg også.

– Utanom sjølve kameraet, kva klarar du deg ikkje utan?

– Eg må jo vere så ærleg å seie snus. Men eg prøver å bli kvitt den uvanen.

Elias Dahlen, her med det analoge mellomformatkameraet Rolleiflex. Foto: Privat

– Kva er di sikraste (nød)løysing for å ta eit kjapt og godt bilde i ein pressa situasjon?

– Her i Hallingdølen har eg god tid, så førebels har eg ikkje opplevd den klassiske «du har et minutt på foto» her eg jobbar no. Men då eg tok slike bilde var det å sikre ulike utsnitt kjapt, samstundes som eg fann reine bakgrunnar. Og kommunikasjon med den du fotograferer. Fokus og konsentrasjon kjem ein langt med, og å kome i litt god tid slik at du ikkje får enda mindre tid på deg.

– Kva irriterer deg mest med fotografi i norske medier?

– Eg tykkjer det er veldig mykje bra fotojournalistikk og flinke folk i landet vårt. Eg opplever stadig å bli imponert. Men eg trur ein kan bli flinkare til å ta med seg reportasjebilde inni nyheitsjournalistikken for å unngå oppstilte kjeldeportrett.

– Når trivast du aller best i jobben?

– Når eg får lage reportasjar om menneske som driv med litt sære greier. Akkurat no held eg på med ein reportasje eller eit portrett av ein fyr som arbeider som taksidermist, det likar eg. Ein personleg historie ikledd ein sær yrkesveg eller hobby. Betre kan det ikkje bli.

– Kva er det raraste eller morosamaste du har opplevd på jobb?

– Ein opplev jo så mykje rart heile tida! Då eg hadde sommarjobb i Bergensavisen for fleire år sidan hjelpte eg politiet å fange ein hyttetjuv. Den gongen hadde fotoavdelinga ein politiradio i redaksjonen og me høyrde at det var ein aksjon på Sotra utanfor Bergen på jakt etter ein hyttetjuv.

– Fleire gonger kunne ein høyre andpustne politibetjentar som var på sprang etter tjuven. Så eg drog ut for å fotografere, og etter kvart fekk eg auge på tjuven. Så då fekk eg politiet på rett spor og måtte skrive om opplevinga for avisa.

Powered by Labrador CMS